To nye år

Share

Same dagen som eg var i Norgesglasset og snakka om Wikipedia, vart eg vald til administrator og byråkrat på Wikipedia på bokmål. I innslaget burde eg nok nemnd at det er ei nynorsk utgåve og ei nordsamisk utgåve av nettleksikonet. Men elles var eg nøgd med intervjuet, og det som kom på radioen. Då hadde dei sprita det opp med å spørje folk på gata om kven Jimmy Wales, grunnleggjaren av Wikipedia, var.

I intervjuet snakka eg ikkje om Setesdalswiki, der er eg også administrator og byråkrat, men det er jo ikkje i wikipediafamilien anna enn ved at vi bruker den same digitale plattforma. Setesdalswiki har ikkje same høge krava til relevans som Wikipedia har. Eg brukar å seie at det er nok at ein har kjørt gjennom Setesdal, så kan ein få ein artikkel på Setesdalswiki. Men ettersom vi er få som skriv, blir det ikkje så mange artiklar.

Vi har hatt besøk av Margunn og Stein ei veke, men i dag reiste dei, så no sit vi gamle att her og er takksame for besøket. Denne gongen var det vått og regnfullt det meste av tida dei var her, så det var godt å kunne jobbe med å skanne gamle bilete og prøve å finne ut kven som var på dei. Når ein ikkje har skrive bakpå bileta, kan minnet fort svikte, så det var mange gåter vi ikkje klarte å løyse.

Denne månaden er det ein konkurranse om å skrive artiklar om kvinner på Wikipedia. Difor hadde Margunn med seg Norsk kvinnelitteraturhistorie i tre bind, slik at eg skulle ha noko å skrive ut frå. Eg har vore med i konkurransen, men ikkje så aktiv at eg kjem på pallen, som det heiter. Først i kveld tok eg meg tid til å  bla litt i dette oppslagsverket. Det kan framleis bli ein artikkel eller to av det, trur eg nok. På Wikipedia.

Bilderesultat for norsk kvinnelitteraturhistorie

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *