Varhaug-tur

Share

I dag stabla vi oss i bilen og tok turen til Varhaug. Solvor og Gaute Rasmussen inviterte alle oss søskena til Solvor til kalas etter at Gaute hadde bursdag forrige sundag. Då hadde han lokale venner, måndag var to døtre og deira barn der og tysdag var to søner og deira barn der, så no var det tid for oss svigersøsken.

Frå eit fugtig Sørland kom vi til eit turrare Rogaland og då vi kom ned mot Varhaug, fekk vi til og med eit gløtt av sola. Praten gjekk godt rundt salongbordet før middagen, etter måltidet var vi med på tur til Sri Lanka gjennom bilete frå turen. Så var det kaffi før vi song oss saman mot slutten av samlinga.

Gaute var prest på Varhaug i over 25 år, så vi nytta salmebøkene og fann Lukk opp kirkens dører, Mens frost og vintermørke rår, Underfulle ting å sjå, Blomstre som en rosengård før vi enda opp med Jeg løfter opp til Gud min sang. Vi kan ikkje synge alle versa, sa Jorunn, som spelte piano. Nei, sa Gaute, vi tek dei tre første og dei tre siste. Men då fekk vi med alle versa, for salma har seks vers.

Når vi kjører E39 til vanleg, slepp vi unna omvegen om Kvinesdal. Men frå august til desember i år er det tunnelarbeid på den vanlgege vegen, så vi måtte om Kvinesdal.. Det er mange år sidan vi kjørte der, og eg sakna ikkje ein meter av den omvegen. Den forlenga reisetida med minst eit kvarter kvar veg, men denne gongen var Reidun sjåfør, så vi fekk ein stabil og fin tur.

Eg treng visst nytt nettbrett, for det gamle er ikkje så klart lenger.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *