I kveld hadde Niklos K. Besteland musikk til advent i Valle Radio. Eg skreiv tidlegare på bloggen at mange hoppar over advent og går rett på jolesongane, men Niklos fylgjer kyrkjeåret.
Hans fire nummer var litt kort i kveld, så eg hadde eit innspel om å få med Advent av Otto Olsson. Her er spelelista Niklos laga:
- Samuel Scheidt (1587-1654): Frå samlinga Tabulatura nova, koralvariasjonar
- Hymnus de Adventi Domini
- Veni Redemptum gentium
- Nun kommt der Heiden Heiland
- Herbert Manfred Hoffmann på orgelet i Limburger Dom. Kolog Verlag cd AV 9-5000-93
- Gottfrid August Homilius (1714-1785): Machet die Tore Weit. Motett for 4-stemmig kor. Stuttgart kammerkor, dirigent Frieder Bernius. Carus cd 83.210
- Felix Mendelssohn (1809-1847): Im Advent. Frå samlinga Sechs Sprüche opus 79, nr. 1. Nonetta vokalensemble i St. Maria Domkor, Visby, dirigent Claes Holmgren. Green Harmony cd ORO7-02
- Eilert Magnus Hægeland (1951-2014): Folkefrelsar til oss kom. Sonata con corale spelt av komponisten på orgelet i Flekkefjord kirke. Lynor cd 019
Eg laga lenker til både komponistar og organistar. Men dei er røde, med unntak av Samuel Scheidt og Eilert Hægeland.
Her er bildet av kyrkja han spelte i, teke av Jarle Vines