Tre i fokus

Share

I kveldens sending hadde Øyvind Jacob lagt opp til å ha fokus på Tre i Setesdal. Først snakk han med Invild Hovden om konferansen som skal vere på Setesdalsmuseet 15. januar 2020. Den har eigen Facebookside

Der kan du lese at den varer frå klokka 10 til 16 og Ingvild fortalde at lunsjen er suppe og lefse og at mange medverkar i programmet: Grensesprengande trebyggeri – myter og moglegheiter v/
Jørgen Tycho, arkitekt og dagleg leiar i Oslotre AS.

Korleis kan kommunar bidra til meir bruk av tre?
v/ Venke Moe, plan- og bygningssjef Kristiansand kommune.

«Laber interesse for å bygge i massivtre» kunne me lese i Fædrelandsvennen 5. oktober. Heng Sørlandet og Setesdal etter? Korleis skal me få til fleire gode treprosjekt i Agder? Me tar debatten!

Korleis står det til med den lokale trenæringa? Intervju med inviterte, lokale bedrifter.

Motivasjon for og erfaringar med å byggje ny skule i massivtre v/
Bengt Hallvard Odden, ordførar i Hjartdal kommune. Me får også høyre frå Telemark ByggEntreprenør som utførte jobben – utan å ha erfaring med massivtre frå tidlegare.

«Tredriveren i Agder» – Kristin Vedum presenterer prosjektet som mellom anna kan bistå med tips og råd om vegen frå idé til realisering av bygg i tre.

Deretter snakka han med Anders Dalseg om bynningsvern av gamle trebygningar før Synne Åkre kom i studio og fortalde om livet som hundetrenar.

Elles var Torunn Charlotte Nyberg i studio med Kommunen informerer. Der tok ho opp problemet med søppel når det er kinoframsyning i Storstoga. Det kan til og med vere popcorn-krig der om eg skjøna henne rett. Ho oppfordra foreldre til å bli med borna på kino og halde styr på slike utskeiingar.

Og Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike hadde både lette rebusar og vanskelege ordgåter i Opi sending medan Torleif Harstad starta det heile med Tankar frå Bibelen.

Foto: Sian O´Hara frå ANS Byglandsfjord Sag

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.