Mange røde lenker

Share

Når eg skriv ein artikkel på Setesdalswiki, tek eg gjerne utgangspunkt i ei rød lenke. Då er eg sikker på at sida eg lagar, ikkje vert foreldrelaus.

Men ofte er det slik at når eg skriv ei side, blir det ei raud lenke. Så tenkjer eg at eg skal skrive om det seinare, til dømes når eg finn noko om emnet eller når eg har betre tid eller er meir mota på å skrive ein ny artikkel.

Men så kjem ei ny avis eller noko anna som skal skrivast inn, dermed blir den røde lenka ståande. Snart er ho langt bak i minnet, for  ikkje å seie ute av minnet. Seinare  kan det kome mange artikkel der same lenka blir rød. Det er akkurat no 45 artiklar med over 60 røde lenker. Du kan finne dei om du går til Spesialsider i venstre marg og leiter deg nedover til du finn Etterspurte sider. Det tek litt tid før maskinen har lasta inn dei første 300.

På lista ser eg mange omgrep som eg nok kunne lage ein artikkel på ut frå det eg veit, men når ein også skal ha ei kjelde å vise til, er det ikkje alltid like lett.

Mange av dykk som finn Setesdalswiki nyttig, kunne registrere dykk og så skrive om eit emne når de ser ei rød lenke om eit emne det kjenner. Då er det bare å trykke på den, og så skrive. Eg fylgjer med på Siste endringer og når det kjem ei slik side, ordnar eg det som treng å bli ordna.