Rikdom

Share

Det er ein rikdom for ei bygd å ha eit kulturtilbod som Valle Radio. At ein klarar å ha to sendingar kvar veke, og kunne fylle dei med 3-4 timar meiningsfylt innhald, er i grunnen imponerande.

I kveld var det tysdagsprogram med fokus retta mot jol, ein kveld med tradisjonsstoff og musikk for oss godt vaksne som ikkje er gått heilt opp i moderne rytmer.

Først fekk vi ein prat mellom Lodin Aukland og Torleiv H. Bjørgum frå 1972, deretter kveldens andakt med Tarje Noraberg, rektor på Kvås i så mange år.

Så synte Siri Johannnessen oss ein rikdom i sang og musikk før jol. Det er mykje meir å velje mellom enn ein kan få inntrykk av når ein høyrer på andre kanalar.

I Siris time hadde ho ein prat med Inger Juvastøl om boka ho har laga samen med ein annan finslending med humor frå dei indre bygder. 228 kroner kostar den i bokhandelen, 200 om ein dukkar opp der ho sel direkte. Og i Valle kan ein finne den på husfliden, der det ligg ein lapp i, og så kan ein vippse summen direkte og få med seg boka utan å betale til Husfliden.

Så fortalde Astrid Nomeland om innamling av klede til Ukraina. Når folk rydder til jol kan dei gjerne fylle ein sekk med klede og levere til Astrid, så lagrar ho det til Hallvard Hasseløy kjem og tek det med seg i februar.

Til slutt var det Nytt frå kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad ved Henrik West. Naturleg nok handla det også om jola.

Kveldens Postludium var vigd musikk spelt av domkantor Kåre Nordstoga som fyller 65 år om ei veke. Niklos K. Besteland presenterte flott musikk av Arild Sandvold, Johannes Brahm, Trond Kverno og Johannes Haarklou, alt spelt eller dirigert av Nordstoga, som jo også har hatt konsertar i Valle kyrkje.

I kveld kom bloggen litt tidleg, for klokka 23 tek dei straumen her, så då blir det nokre mørke timar denne natta. God natt i bygd og by.