Eg har mange gonger lurt på korleis det kan ha seg at nokre som skriv blogg, kan ha tusenvis av besøk på bloggen. Før hadde eg på det meste 4-500. Eg har blogga i over ti år og andre får tusenvis av lesarar på bare eit halvår og mindre enn det.
I dag var eg innom og såg på statistikken og såg til mi undring at det hadde vore over 10.000 besøk og nesten 30.000 sidevisningar bare i helga. Så vidt eg veit har eg ikkje gjort noko spesielt for å få så mange besøk.
Men i torsdagsutgåva av Setesdølen hadde eg ein liten artikkel om Setesdalswiki. Det var Knut Eldhuset som oppfordra meg til å skrive at ein kan lese artiklar som far hans skreiv i Fædrelandsvennen på Setesdalswiki. Kan hende er det dette som har gitt så stor respons.
Her er artikkelen:
Det siste året har Setesdalswiki fått ei rekke artiklar som Hallvard Eldhuset (1914-1976) skreiv for Fædrelandsvennen og Jol i Setesdal. Hallvard Eldhuset var lærar og skulesjef i Bygland og svært interessert i lokalhistorie. Difor skreiv han mange artiklar om det som vert kalla slitet si soge i Åraksbø. Han skreiv også andaktane i Setesdølen då den kom ut, og hadde han fått leve lenger, ville det sikkert kome mange artiklar i Setesdølen frå hans hand.
