Mors og fars historie

Share

Å skrive mors og fars historie er nok noko som mange kunne tenkt seg å gjere, men det er ikkje mange som har gjort det. Edvard Hoem gjorde det, og det vart ei svært lesverdig bok, men så er han også van med å skrive.

Men då eg las boka, kom eg til å tenkje på kor lite ein i grunnen veit om mors og fars historie. Korleis dei møttest vil ein kanskje ha fått høyre om, men mangt og mykje frå ungdomstida som førte fram mot at mor og far vart eit par som heldt saman i gode og vonde dagar, det har det vore vanskeleg å frette ut. Og no er dei borte, fleste som kunne fortelje noko, ja truleg alle. For mor og far ville vore 102 år om dei hadde fått leve, og ikkje mange på som var unge på same tid er i live lenger.

Så får det bli med nokre få glimt frå den tida på 1930-talet fram mot krigen som vi har fått, om vi skulle setje dei saman, ville vi kanskje få noko som kunne likne på romanen som Edvard Hoem skreiv. For det vesle eg har fått med meg, tyder på at miljøet dei hadde i si ungdomstid på Jæren, er svært likt det som Hoem skildrar i Romsdal.

Mors og fars historie