Mot lysare tider

Share

Etter det eg fekk med meg av vermeldinga i dag, så skulle det gå mot lysare tider att, for i dag var sola på sitt lågaste. Eg fekk også med meg at vi ikkje kan rekne med kvit jul her i sør. Begge deler synest eg er gode meldingar.

Eg tenkte at eg skulle sjå litt av programmet om veret som var i 2019, men det var så mykje vind og ras og slikt ver eg ikkje likar, at eg skrudde av før godveret kom. I staden skreiv eg litt på Setesdalswiki før eg spora av og begynte å lese.

I den seinare tida har eg hatt glede av bøker både frå biblioteket og frå bruktbutikkar. Dei første må eg hugse på å få levert no snart, dei andre vil nok halde meg i lesemodus gjennom jula. Så eg dukka ned i Ligge i grønne enger av Anne B. Ragde, tredje boka i serien om folket på Neshovd. No var det lenge sidan eg hadde lese dei to første, så det tok litt tid å få på plass det som hadde hendt før, men Anne B. Ragde flettar inn små glimt som gjer at ein snart er midt i handlinga.

Så eg trur eg vender tilbake til boka og får med meg nokre sider til før eg tek kvelden.

Ligge i grønne enger