Bøker er den beste julegave

Share

Dette var temaet mitt for Haralds time i Valle radio i kveld. Før den starta, hadde eg ein samtale med Siv Ragnhild Bjerga. Ho har arbeidd som økonomileiar i Valle kommune i eitt år og kunne fortelje at for første gong la administrasjoen fram budsjettet til handsamin i novembermøtet. Budsjettet vart vedteke, og då hadde ho litt tid i desember til å avslutte ein del oppgåver som burde avsluttast før årsskiftet. Og så kunne ho ta joleferie alt komande helg og kjøre heim til Finnøy. Den turen tek ho over Haukeli til Jelsa og så ferje til Finnøy. Ho er altså vekependlar mellom Finnøy og Valle og har blitt svært glad i å høyre på radio, både P1 og NRK Klassisk.

Men så var det bøker. Jan Kløvstad fortalde om utgjevingar frå Bokbyen forlag med relevans for Setesdal, den siste var boka om Holt seminar. Han hadde namna på lærarane som kom frå Holt i dei 38 åra seminaret var i drift og hadde merka seg at det var heile 18 frå Evje og Hornnes av dei over 400 som vart uteksaminerte, fleire av desse vart seinare kjende nasjonalt.

Så kom Sigrunn Håland på tråden. Ho hadde mykje på hjarta, for det er mange bøker å finne på Norli Evje med lokalt fokus. Nå før jol er det også jolehefter, og både puslespel og spel er svært populære.

Deretter var Annemor Sundbø innom for å minne om boka Koftearven. Det høvde slik at vi fada ned Det lyser i grender slik at det siste ordet var stjerne, og i strikking er det mange stjerner. Dette tok Annemor tak i og fortalde litt om perspektivet i den siste boka si, dei historiske trådane og dei magiske mønstera, der stjernene er viktige.

Til slutt fortalde Gyro K. Uppstad om boka som kom ut for å markere at Setesdal Husflidsentral er 50 år i år. Den har ho laga saman med Knut K. Homme og dei hadde hatt ei fin tid med å finne bilete til boka på loftet i butikken i haust.

Så kunne Ronny Stavsholt runde av kvelden med contrymusikk.

Koftearven

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *