Fotefar i Setesdal

Share

I dag opna eg ein pakke til meg sjølv. Eg fann ei bok frå Setesdal hos Wangsmo Antikvariat i Tronheim. Tittelen finn du øvst på sida her. Den er på 128 sider og inneheld ei rekke småstykke om ulike tema frå Setesdal. Svein Hovet er forfattaren.

Setesdalswiki har ein artikkel om han. Der heiter det:

Svein Hovet (fødd 24. november 1907 i Hylestad, død 5. januar 1982 på Nodeland) var forfattar og gardbrukar. Foreldra var småbrukar Ånund Sveinson Hovet og Signe Larsdotter Kåvenes.

Han gjekk jordbruksskule, folkehøgskule og bladmannskule, og frå 17-årsalderen fekk han artiklar på trykk i ulike blad. Seinare journalist i Hallingdølen og Hardanger Folkeblad. Han var lenge redaktør av Hardangerjol.

Han busette seg i Øystese i Hardanger, der han vart gift til eit bruk. Dreiv også garden fram til dei selde i 1970, og flytta til Nodeland vest for Kristiansand.

Svein Hovet var inititativtakar til Jol i Setesdal, og var redaktør frå starten i 1962, til 1968.

Bilderesultat for fotefar i setesdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *