Gammale rabe

Share

Ajax har ei fornøyeleg historie om ein mann som skal rydde i kottet på loftet der det ikkje er innlagt lys. Han ligg på alle fire og grev fram gamle lampeskjermar og annan rabe som er blitt stua vekk gjennom åra, ilter og arrig og synest ikkje kona tek fort nok imot når han grev fram gammale rabe.

Men så finn han ei bunke med gamle aviser langt inne i rotet, dei er frå krigens tid og overskriftene speglar det som avisene skreiv om på den tida, og då er det plutseleg kona som synest det går lang tid mellom kvar ny ting som blir leita fram.

Dette skjer på ein skjærtorsdag, ein dag som før i tida var litt mindre heilag enn langfredag og påskedag og som han difor i utgangspunktet kunne bruke til rydding innomhus. Men når han finn avisene, kjem han på at det er helgedag, så han avsluttar ryddinga og tek med seg avisbunka til øyrelappstolen, sjølv om kona meiner at dei ikkje burde stoppe når dei noe er godt i gang.

-Helg er helg, var svaret.

Det kan vere mange grunnar til å rydde i gammal rabe, men sanneleg er det ikkje vanskeleg å finne grunnar til å la vere heller. For gamle aviser kan fort bli som nye når det har gått litt tid. Då er det ikkje dei aktuelle nyhetene som gjeld, men heller det meir tidlause stoffet. Artikkelen om Skjøllingstad ullvarefabrikk i dagens Fævennen er nok ein slik artikkel. Den bør ikkje gøymast bak betalingsmuren, men heller klyppast ut og lesast ein gong seinare.

Problemet er bare at ein gong seinare er det kome nye aviser som fortener å lesast, så artikkelen vil nok snart drukne i utklypp om ein ikkje maktar å kaste med hard hand.

I morgon er det ein ny dag. Då kan eg kaste nokre gamle aviser.

Men i morgon er det helg….

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *