Kort møte

Share

I kveld var det overføring av møte i Valle kommunestyre som var programmet i Valle Radio. Denne gongen høvde det slik at eg fekk med meg heile sendinga.

Saklista synte at det skulle handsamast 12 saker. I tillegg var det også tre referatsaker. Likevel var heile møtet over på 30 minutt. Deretter kunne Lars Tarald Myrum og Marie Pedersen skrive under protokollen.

Eg veit ikkje kva som er møtegodtgjeringa for eit møte i kommunestyret, men når møta er så korte, blir det i alle høve god timebetaling. Det er heller ikkje første gong at det er korte møte i Valle kommunestyre. Det kortaste varte visst nok om lag 12 minutt.

Grunnen til kort kommunestyremøte kan kanskje vere at sakene er avgjort før  dei kjem til kommunestyret, til dømes i eit underutval. Likevel trur eg ikkje det var slik det var tenkt, at kommunens øvste organ bare skal nikke samrøystes og ta kveld. Den politiske diskusjonen blir i alle fall ikkje særleg sterk når opplegget er slik.

Sissel Åkre hadde tre førespurnader, men dei gjekk på praktiske tilhøve, ikkje på politisk diskusjon. Elles var det stille.

Når ein no står ved inngangen til ein ny periode i kommunestyret, bør ein kanskje også drøfte om det ikkje skal vere diskusjon om politkk i kommunestyret.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *