Krigen

Share

Krigen medførte avbrudd i det filologiske studium. 

Dette skreiv Gunnar Ljosland i jubileumsboka ved 25-årsjubileet for dei som gjekk ut av Hornnes landsgymnas i 1936. Boka kom ut i 1971 og eg fekk henne til jul i år. Der var namna på alle som gjekk ut dette året. Skulen hadde to linjer, reallinja med 15 elevar og latinlinja med 10 elevar.

Gunnar gjekk på latinlinja og hadde planar om å studere filologi. Det vart med to bifag, som dei kalla det, då han fullførte siste eksamen, hadde det alt lenge vore krig i Norge. Han gjekk inn i polititroppane i Sverige og var der til krigen slutta. Sidan hadde han nokre studieopphald ved Universitetet i Lund.

Deretter vart det i staden Ljosland trevarefabrikk som fekk nyte godt av innsatsen hans og ikkje forsknng og studiar.

Med tida vil eg kanskje kunne få på plass artiklar om alle desse studentane. På ulik vis vart deira akademiske karriere øydelagt av krigen, sjølv om det ikkje var før fire år etter at dei gjekk ut av gymnaset, at den kom til landet.

Sjølv har eg ikkje hatt så stor interesse for å lese bøker om krigen og det som hende den gongen. Men ein slik liten biografi og ein slik liten setning gjev grunn til ettertanke.

Gunnar Ljoland var den einaste av desse 25 studentane som eg hadde artikkel om på Setesdalswiki frå før. Grunnen var nok at eg kom over dødsannonsen hans i ei gammal avis. No er artikkelen utvida, takka vere boka du ser omslaget av nedanfor.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *