Kyrkjejubileet

Share

I dag vart det markert at Valle kyrkje er 175 år, først med gudsteneste og så med samling i Storstoga i Valle kultursenter med middag og helsingar.

Astrid Nomeland let meg få manuskriptet til den helsinga ho hadde for å publisere på bloggen:

Gratulerer med dagen. Valle kyrkje er 175 år og feiringa skjer på same datoen som ho vart vigsla, 1. desember 1844. Då var mykje godt folk samla, biskop Jacob von der Lippe stod for sjølve vigslinga, den nytilsette sokneprest Franzen var der saman med fem andre prestar. Blant dei mange frammøtte var over 30 soldatar frå Hylestad som skulle halde ro og orden. Og sanneleg var ikkje også Ivar Aasen der, han skulle nok samle ord til landsmålet.

I dag var det ingen soldatar til å halde ro og orden, men mange andre gode folk møtte jo opp og gjørde markeringa til ei fin samling. For kyrkja på Vaddarhaugen har ein sjølvsagt plass i Vallefolk sitt hjarta. Her samlast vi i glede og sorg, til bryllup og begravelse, til musikk og andakt.

For kyrkja strekker seg oppover og peikar mot det som er der oppe. Og kyrkjeklokka kallar til samling. På den er det støypt inn eit heilt salmevers, truleg dikta av den same Franzen:

Kommer alle, Mand og Kvinde,
kommer alle, store, små.
Leder og I skulde finde,
Leder og I skulde få.
Lader Jordens Sorger fare,
Templet Himlens Forgård er.
Herrens Ord I smukt bevare,
salig den som har det kjær.

Ein annan prest som hadde diktargåve, var Sverre Olsen. Han var prest i Valle frå 1967 til 1974. Han har eit litt anna perspektiv i salma som kom med i jubileumsskriftet då kyrkja var 150 år. Han peikar på at kyrkja strekker sine hender mot det riket som skal komme. Derfor kallast vi til samling i kyrkja, vi einsame sjeler i verda sin store vrimmel. For som einsame sjeler blir vi lett motlause og fulle av frykt for både nåtid og framtid.

Men kyrkja si klokke kallar oss til samling for å kjempe mot tvil og frykt. Saman er vi sterke når vi lar truvedkjenning, bøn, forkynning, sang, dåp og nattverd tenne trua sin eld i oss. Då kan vi gå ut og tene Herren med glede. Då får vi diakoni i kvardagen.

Så la dette jubileet inspirere oss til det. Gratulerer med dagen.

Bildet kan inneholde: 1 person, står, natt og utendørs

Foto: Leonhard Jansen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *