Mange misjonærar

Share

Til jul i år hadde Helge funne ei interessant bok til meg. Det var forfattaren Torbjørn Greipsland som sjølv var på slektsforskartreff i Oslo og selde boka. Han har fått med seg Sigmund Edland, Erik Kjebekk og Gracia Grindal til å lage ei bok om 1000 norskamerikanske misjonærar med fleire intervju og lister.

Eg har Norsk Misjonsleksikon i tre bind, men eg veit ikkje kor mange av dei som er omtalt i boka eg nå har fått. Men norske misjonærar har nok ikkje fått så stor plass i historiebøkene som dei truleg skulle hatt, for ikkje bare reiste dei til fjerne land for å forkynne evangeliet, dei stod også for mykje nybrottsarbeid når det gjeld språkforsking og utvikling av sjukepleie og helsestell.

Difor gleder eg meg til å lese meir i boka. Kan hende blir det artiklar om nokre av desse misjonærane på Setesdalswiki også om det høver slik. Det vil syne seg etter kvart.

Eg var mykje saman med misjonsprest Sigmund Edland då eg var ung. Han er eit par år eldre enn meg, men vi gjekk i ungdomslag saman og hadde god kontakt. No bur han i Kvinesdal. Vegane våre førte oss kvar vår veg, han reiste til Madagaskar, eg reiste til Vesterålen. Men det var interessant å lese dei artiklane han skreiv om nokre norskamerikanske misjonærar i denne boka.

Helt til jordens ender

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *