Takk for i år

Share

Vi går inn i eit nytt år om bare få minutt. Difor tenkte eg å sende ein takk for i år til alle som les Setesdalswiki. Av ein eller annan grunn har det talet auka svært mykje i november og desember. Tidlegare i år hadde vi eit snitt på unike gjester på 6000-10000 på ein månad, men i november var det plutseleg 16000 og i desember heile 54511 unike gjester.

I eit dalføre med gode tradisjonar, men få folk, kan ein nok undre seg over at så mange som 2154 i snitt var innom Setesdalswiki kvar dag. Leksikonet for Setesdal og nære område er eit nisjeleksikon som aldri kan få særleg stor utbreiing, så det som har skjedd på tampen av 2019, har i alle fall overraska meg.

At folk finn interessant stoff på Setesdalswiki er jo ei glede for oss som skriv, anten vi tek utgangspunkt i overskrifter i avisa eller skriv om program i Valle radio, som nok er dei viktigaste kjeldene til artiklar. Saman kan vi tilføre eit grisgrendt strøk av landet vårt litt ekstra kvalitet. Det er lite truleg at nokon flytter til Setesdal på grunn av det vi skriv, men kan hende syner vi landsdelen sitt særpreg på ein måte som kan vippe til fordel for dalen i ei vurdering av mange element.

Så ser vi framover mot nye mål.No er det 91375 artklar. Vi brukar å skrive om lag 100 nye kvar månad, så det er langt fram til hundre tusen, men om vi held om lag same nivå på produksjonen som tidlegare, kan vi kanskje nå 93000 artiklar i løpet av 2020.

Velkommen til å bli med på dugnaden for Setesdal. Og takk for at du les det vi skriv.

Godt nytt år!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *