Verdensarv

Share

I kveld var det stor feiring på Sølvgarden. Setesdal spelemannslag markerte at stev, folkemusikk og dans er kome på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Valle Radio overførte frå arrangementet, og sjølv om det var noko vanskeleg å få med seg alt i kveld, fibernettet i Setesdal vart visst overbelasta, kunne vi høyre det meste.

Etter ei velkomsthelsing frå Astri Rysstad, som er leiar i Setesdal spelemannslag, overtok Kirsten Bråten Berg. Ho kvo eit velkomen-stev frå Hardanger, av Geirr Tveitt og Skuldalsbruri før ho presenterte unge utøvarar:

Eivind Tanche-Larsen Knudsen – Skuldalsbruri, stevleik av Eldbjrg Trydal Jansen og Vetle Tveiten Hoslemo, så Eivind med Klunkaren før Austad leikarring dansa. Då var dei unge alt reiste til joleball på Valle skule.

Deretter var det småmat og champagne for alle før festen heldt fram med desse innslaga:

Kirsten Bråten Berg: To aktuelle stev av Liv Rysstad Breivegen
Tora Åsland, leiaren i UNESCO-Norge: Steingjerde
Stein A. Ytterdal, fylkesmann
Jon Olav Strand, fylkesvaraordførar, som hadde med 500.000 til pilotprosjekt
Stein Reinertesen, biskop: Notodden, Heddal og Setesdal på Unoesco si liste
Jon Rolf Næss og Helga Jacobsen
Jan Kløvstad, med helsing frå Trine Skei Grande og frå Latvia
Leonhard Jansen og Jan Ledang, Setesdalsmuseet
Kristian Hanto, FolkOrg
Anna Stella Karlsdottir, Norges Museumsforbund
Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Anne Tone Hageland, kultursjef i Agder
Steinar Kyrvestad

Sendinga i radioen slutta ved 21-tida, men for alt eg veit, held festen fram etter at dei hadde ete opp denne bløtkaka (foto: Øyvind Jacob)

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *