Litt statistikk

Share

Vi er i gang med å skrive artiklar på Setesdalswiki også i eit nytt år, og bare fem dagar inne i det nye året runda vi 91 400 artiklar. Det var artikkelen om Anne Myrum førte til at vi passerte eit nytt hundretal. Eg skreiv ikkje om forrige passering i desember, så denne gongen var det 200 nye artiklar på knappe to månader. Produksjonen vår har vore på omlag hundre artiklar i månaden siste året.

Eg såg litt på statististikken og finn at ved årsskiftet i fjor hadde vi 90070 artiklar. I løpet av fjoråret skreiv vi 1305 artiklar, så no hadde vi 91375 artiklar. Produksjonen av artiklar i fjor var på 1370, så vi har litt færre nye artiklar i år enn i fjor, men vi har begynt godt i det nye året, det er alt oppretta 26 nye artiklar på dei fem dagane som no er passert.

Besøkstalet er eit kapittel for seg. Det låg på om lag 10.000 unike gjester fram til oktober. Men i november auka det til 16.000 og i desember seier statistikken at det har vore over 54.000 unike gjester. Det gir eit totalt besøk på over 160.000 og nesten 1,6 mill. viste sider.

Så her er det mykje å glede seg over og meir å skrive om.