Livsfortelling

Share

I arbeidet mitt med Setesdalswiki skriv eg ofte små biografiar. Grunnane til at dei vert små er vel

For det første at forma skal vere leksikalsk. Då er vel idealet at ein skal fortelje om utdanning og jobbar som folk har hatt, gjerne også om engasjement i lag og foreningar, hobbyar og interesser.

For det andre vil det ofte vere vanskeleg å finne så mange opplysningar om folk. Endåtil i vår tid, der mange meiner at ein kan finne det meste om folk på nettet, kan det vere vanskeleg å finne opplysningar om ein er bare ein vanleg skribent og ikkje kan kome inn bak alle murane som er sette opp.

Før jul skaffa eg meg ei bok om studentar som gjekk ut frå Hornnes landsgymnas i 1936. Dei er truleg død alle saman, om nokon lever, vil dei vere mellom 100 og 105 år. Boka kom ut til 25-årsjubileet deira i 1961, så dei var midt i yrkeskarriere og mykje kan ha hendt i livet deira etter at boka kom ut. Dermed må eg leite andre stader for å finne nok til å fullføre den livsfortellinga som ein biografi  skal vere.

Av og til dukkar det opp nekrologar i avisene. Då kan dei gje ekstra informasjon. Men avisene har langt færre nekrologar no enn tidlegare, då eg var ung, hugsar eg at det var små artiklar om mest alle som døydde og vart gravlagde, endåtil med kva salmer som vart nytta under gravferda. No må ein sjølv vere der og få eit program for å vite kva som har skjedd.

Så eg vil slå eit slag for at nekrologar igjen kan kome på trykk og dermed gje grunnlag for å få vite om liv og lagnad hos folk som har levd.