Meir om utvandring

Share

I dag fekk eg lagt ut ein artikkel av Torbjørn Greipsland på Setesdalswii. Der skriv han om utvandringa til USA frå Setesdal på 1849-talet.

Det førte til at eg laga ein liten artikkel basert på Setesdalsbibliografien til Leonhard Jansen med ei liste over bøker om dette. Då oppdaga eg at vi ikkje hadde artikkel omBjug Harstad, presten og skulemannen frå Valle som grunnla Lutheran Pacific University og ei rekke utdanningsinstitusjonar elles i USA.

Det er reist ei minnestøtte over han ved Valle kyrkje, og eg skulle jo for lenge sidan ha skrive om han. Engelsk wikipedia har til og med ein artikkel. Men det er jo eit tiltak å omsette artiklar, så eg har ikkje fått gjort det ennå.

Men i dette USA-prosjektet som eg no har vikla meg inn i, må eg vel få det til. Artikkelen frå Torbjørn Greipsland handla nok meir om dei som levde før Bjug Harstad, han kom til USA i 1861 saman med foreldrene. Nokre av dei som kom før, vil nok etter kvart også få artiklar på Setesdalswiki om det høver slik.

Då Gudmund Åkre var ordførar, vart det reist minnestøtte over Bjug Harstad ved kyrkja i Valle. Her er han saman med Adoph Harstad frå USA