Radioen startar att

Share

Så startar Valle Radio att. I kveld fekk eg programmet for onsdagssendinga. Det kjem i Setesdølen til tysdag. Det er også sending tysdagskvelden, men det brukar ho å lage artikkel om på Setesdalswiki sjølv, så det har eg ikkje fått. Men onsdagsprogammet ligg alt ute.

Her er det programmet med lenker. Du kan sjå meir om du klikker på lenkene:

I kveld har eg elles halde fram med å skrive inn artiklar frå Torbjørn Greipsland på Setesdalswiki. Då dukka byen Oklee opp i den siste artikkelen, og eg spurde på Facebook om det var nokon som hadde vore der. Eg har alt fått svar, så den artikkelen kjem til å bli utvida med folk frå Setesdal som slo seg ned i Oklee.

Artikkelen eg jobba med i dag heiter Coya kom hjem og handlar om ei kvinne med far frå Bygland som vart politikar på toppnivå i USA.

Her er bilde av Coya Knutson:

Bilderesultat for coya knutson