Store bokstavar

Share

I går vart eg oppringt av ein journalist i Gjesdalbuen som lurte på om det var eg som skreiv på Setesdalswiki. Det måtte eg jo bekrefte, og så snakka vi litt saman. Det er jo blitt nokre artiklar på Setesdalswiki med åra. Men det er ikkje så lett å vite kor mange eg har laga, for vi har ingen bidragsteljar som syner talet på artiklar den enkelte har skrive.

Difor sa eg at eg kanskje har skrive 10-15.000 artiklar. Sjølv om Setesdalswiki har passert 91.000 artiklar, er det jo mange datoartiklar som er laga av ein robot. Vi snakka i grunnen ikkje noko om Wikipedia. Der har dei eit teljeverk som syner at eg har hatt 50.000 redigeringar, men wikiformatet er jo slik at alle fiksar på alt, så eg har bare oppretta 4663 artiklar der.

Stor var overraskinga då eg i kveld gjekk inn på Gjestalbuen si nettside og rulla nedover, for plutseleg dukka det opp eit bilde av meg, så stort at det dekka mest heile skjermen. Under stod det:

Harald (72) fra Ålgård har skrevet over 15.000 artikler på Wikipedia. I tillegg driver han nettleksikon for Setesdal: -Jeg kunne ikke tenke meg å gjøre det samme for Ålgård.

Her ser avsnittet normalt ut, der var det krigstypar. Men sitatet var rett, eg kunne ikkje tenkje meg å gjere det for Ålgård. Det er 50 år sidan eg budde der, Ålgård er blitt ein soveby for Stavanger/Sandnes og heilt forandra sidan eg trødde barnesko og hadde ungdomstid der. Setesdal er eit avgrensa område, sa eg til journalisten. Eg sa ikkje at eg av og til skriv om stader der setesdølar reiser til eller bur, eit nettleksikon kan ha mangt og mykje i innhaldet.

Eg veit ikkje om eg får lese artikkelen, eg ba om at ho skulle sende den til meg. Same dagen som intervjuet vart gjort, fekk vi ein telefon om vi ville abonnere på avisa, men då sa vi nei. Vi har hatt den i periodar, men har avslutta abonnementet og ikkje tenkt å fornye det.

Men du kan sjå kva eg lo av ved å gå til Gjesdalbuen si framside 

Bildet henta avisa frå Setesdalswiki. Siri Johannessen tok det, men dei har ikkje kreditert henne, så ho kan sende ei rekning til avisa.

Harald Haugland 03Wcr.JPG