Stor produksjon

Share

Ved årsskiftet hadde vi 91 375 artiklar, i dag runda vi eit nytt hundretal og har no 91 500. Det vart artikkelen om Odd Syvert Åsland som gjorde at vi runda denne gongen, den kom som følge av at sonen Øyvind Åsland har geburtsdag i dag. Den røde lenka trigga litt, særleg fordi eg har ei fil som heiter NLM-leksikon, der ein finn informasjon om mykje innan NLM.

Vi brukte bare 12 dagar på 100 artiklar denne gongen, så vi kan vel seie at produksjonen har vore dobbelt så stor som vanleg, til vanleg brukar vi ein knapp månad på 100 artiklar. Nå får vi sjå om vi kan halde oppe den gode stimen vi er inne i utover vinteren og våren. I dag fekk vi 12 nye artiklar

Mine artiklar er ikkje så veldig store, men Siri Johannessen skriv artiklar relatert til programma ho har i Valle Radio. Dei er svært informative og lesverdige, så ta gjerne ein kikk på artikkelen hennar om Amsterdams Orfeus,  den er svært interessant.

Nils Bjelland la ut eit bilete på facebook i dag av Valle misjonskvinneforening frå 1895. Det kopierte eg og la ut på Setesdalswiki. Med tida håpar eg å få artiklar om alle dei 30 kvinnene på bildet. Artikkelen er spesiell, for eg valde å la biletet ligge stort i artikkelen, ikkje som eg til vanleg gjer, å leggje det lite i høgre kanten. Når bildet er så stort, kan den som går inn på det, lett sjå folka der. Slik det no er, er det bare lenker til nokre av Lund-kvinnene, dei hadde eg artiklar om takka vere eit hefte eg fekk av Sverre Lund i si tid. Det bildeet legg eg ved nedanfor.

Valle misjonskvinneforening.jpg