Bompengar

Share

Eg skulle kanskje ha kjøpt meg el-bil sist eg handla bil. Stille går dei, og mange er dei etter kvart blitt. Men eg handla Honda, gjekk frå diesel til bensin og tenkte visst ikkje miljø i det heile.

Ikkje tenkte eg på bompengar heller. Dei kjører fritt gjennom det meste av bommar, kanskje ikkje i alle byar, etter det eg høyrer, men mest over alt elles. På turen i går hasta dei forbi meg sørover på dei gode vegane vi etter kvart har fått på E18 og om ikkje det stoppar  opp også skal få på E39.

Eg rekna saman at eg brukte neste 340 kroner på turen fram og tilbake til Nittedal. I tillegg kom kanskje 660 kroner i bensin. Ein del fekk Norsk Olje på Valand, resten fekk CK på Brokelandsheia.

Om eg hadde kjørt el-bil, hadde eg truleg spart halvparten av den tusenlappen. Men gammal vane er vond å vende, så eg handla tradisjonelt.

Skuldast det rekkeviddeangst?

Eg veit ikkje, eg burde jo ikkje ha det, så lite som eg kjører. Dessutan er eg pensjonist og kan bruke den tida eg treng, så eg kunne sikkert legge inn ein ladepause eller to utan problem.

På den andre sida er det jo nokon som må betale dei gode vegane. Finansieringa kjem vel gjennom bompengar, etter det eg har forstått, i alle fall ein god del. Og vi pensjonistar som ikkje vågar oss på el-bil, vi får heller ete havregraut og fiskegrateng nokre dagar slik at vi kan flotte oss med bensindrift og betale bompengar og slik finansiere vegane for både oss og el-bilistane.

Om dei takkar oss for at vi stiller opp slik, det tviler eg nok på der dei fyk forbi i sine Tesla og andre e-merke. Vi smiler oss frå grensa til Aust-Agder ved Sørlandssenteret til Oslo og betalar vår del av kaka i glede for at vi endeleg slepp å kjøre Fianesvingen frå Arendal til Akland i 60, takka vere våre bompengar.