Countrymusikk og mykje anna

Share

Sendinga i Valle Radio i kveld vart avslutta med ein times program med Johs. Bjlrkeli som presenterte countrymusikk. Det var både lyttervennlig og informativt. Han avslutta med ein sang av George Jones, om han skriv Wikipedia:

George Glenn Jones (født 12. september 1931 i Saratoga i Texas, død 26. april 2013 i Nashville i Tennessee) var en amerikansk country-artist og låtskriver.

Jones fikk sitt gjennombrudd i 1955 og fikk flere priser, blant annet to Grammy Awards. Han var gift med Tammy Wynette 1969 til 1975 og slet med stort alkohol– og narkotikamisbruk.

George Jones ble i 1992 innvalgt som medlem i æresgalleriet Country Music Hall of Fame.

Deretter følgjer ei liste over album han ga ut, den er veldig lang.  Vi fekk også høyre om Gram Parson i denne sendinga, han spelte fleire sangar med han og fortalde om korleis han enda livet svært ung. Her er Wikipedia sin versjon:

Som så mange andre musikere på denne tiden misbrukte også Parsons alkohol og narkotiske stoffer. I 1973 døde han av en overdose i Joshua Tree nasjonalpark i California. Hans død gikk ikke upåaktet hen. En av hans roadier, Philip Kaufmann, som hadde fått tak i en hippie, Michael Martin, som eide en likbil. Med den stjal de kisten med Parsons i før det skulle fraktes til hjembyen, og kjørte det ut i ørkenen ved Joshua Tree, hvor han satte fyr på kisten og Parsons lik. Senere fikk de to en bot for å ha stjålet kisten, men ikke liket fordi det ikke var noen straffebestemmelser for stjeling av lik.[6] Historien rundt Gram Parsons død er framstilt i komedien “Grand Theft Parsons” fra 2003.

Men kvelden hadde mykje anna å by på. Samtale med Torleif Homme i Kommunen informerer, og med Mie Kaasa frå DNT Sør om Sloaros turisthytte som er blitt rehabilitert og utvida for tre millionar og om anna aktuelt i turistforeningssamanheng. Deretter var det Grühne Woche-profil på prat med Susanne Hegenscheidt og Torkjel Austad om kva dei opplevde på messa.

Du finn informasjon om både kveldens sending og sendinga i går kveld på Setesdalswiki. Det enklaste er å gå inn på datoen for sendinga, der ligg det lenke til programmet.

Eg hadde lyst til å setje overskrifta Johs. rules i kveld, han har vakker musikk og informative kommentarar, men ho vart litt meir kjedeleg. Ansvarleg programleiar og teknikar Siri Johannessen tok eit bilde av han i kveld. Så eg avsluttar med det og minner om at folk som går langs vegen i mørke må ha refleksen ut mot bilane, ikkje inn mot grøfta slik at ein ikkje ser den mørke som går ytterst:

Bildet kan inneholde: 1 person