Irriterande

Share

Eg likar å tenkje at eg ikke så lett blir irritert. Men i dag kjente eg at det var litt dumt då eg ikkje fekk Internett i gang etter middagskvila. Tidlegare i dag hadde eg vore oppteken med andre oppgåver. Men så ville eg gå vidare med å følgje opp nokre av dei fine teikningane av Yngvar Uleberg som Helge Homme har delt på Facebook.

Eg er ikkje veldig teknisk interessert, så eg likar best når alt fungerer og har ikkje sett meg inn i korleis ein skal løyse problem. Men eit middel kan vere nyttig, det er å trekke ut kontakten og så sjå om ein restart av modem kan fungere. Det vart gjort, og sanneleg, der kom både TV og Internett tilbake.

Dermed kunne eg få skrive litt i kveld også. Det vart i det minste ein artikkel takka vere Yngvar Uleberg si teikning av Tarald Vegestog Homme. Til no er det kome på plass fem teikningar og nye artiklar om fem personar basert på desse teikningane. Det har vore interessant å prøve å finne noko om desse folka.

Før måtte ein lage bøker som Hvem er Hvem for at folk skulle få informasjon om dei som var aktuelle namn i tida. Marknaden for slike bøker er nok liten no for tida, men når eg finn ei slik bok med korte biografiar på ein bruktbutikk, tek eg den ofte med meg. Det har blitt nokre artiklar baserte på slike bøker med åra.

Nedanfor ser du teikninga av Tarald Drengson Homme, Vegestog, som han vart kalla. Truleg gjekk det godt med hunden. Det kunne nok vere irriterande når det låg ein vassledning over vegen når han kom kjørande, men Tarald tok det lognt, skreiv Pål Dale i ein kommentar til teikninga.

Fil:Tarald D Homme.jpg