Funderingar

Share

I natt låg eg og funderte litt før eg sovna. Ettersom eg sovna ganske fort, vart det ikkje så lange funderingar, men likevel så pass gode at eg hugsa dei då eg vakna.

Korleis dei dukka opp, er eg ikkje heilt sikker på. Men eg las ferdig ei bok i går kveld, kan hende det var noko der som sette tankane i sving sjølv om funderingane mine ikkje hadde noko direkte med boka å gjere.

Eg vart liggjande å tenkje på ordet lapp. Når eg no tenkjer etter, var det truleg fordi eg var på butikken i går og då spurde kassamannen om eg ville ha lappen. Det vil eg alltid, eg brukar å kontrollere at det som står der, stemmer. Sist gong fekk eg lappen til ein annan kunde, men denne ekspeditøren hadde ei god rutine på å kaste lappen til kunden før meg, slik at han ikkje skulle gå surr i kva for ein lapp han skulle levere til neste kunde.

Slike lappar kan vere litt avslørande om kona får sjå dei. I går ville ho finne ut at eg hadde unna meg ein iskaffe, jule-utgåva til ti kroner, for den var ikkje med heim i posen. I staden hadde eg stappa to-tre bøker kjøpt på bruktbutikken til NLM i Mandal ned i posen. For i går vart eg sitjande der og prata med folk og ta meg ein vaffel og kaffi. Det er gratis om ein handlar noko anna.

Eg var på leiting etter ei bordbjølle, slik som du brukar å ringe med når du skal seie noko. Men der hadde dei bare den som dei brukte ved kassen, slik at folk kunne ringe når dei skulle betale, og den ville dei ikkje selje. Så vart det til at eg fann nokre bøker i staden og la i posen.

Så lappen avslørte det meste, men Reidun såg han ikkje, så det er vel først når ho les bloggen at ho får vite at eg tok ein iskaffe i går. God var han også, neste gong skal eg kjøpe to, og så kan vi ha kvar vår.

God natt! (Julerosa står fint utanfor garasjen vår i januar.)

Bildet kan inneholde: plante, gress, tre, utendørs og natur

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *