Godt nytt år

Share

Når vi i desse dagar ønskjer kvarandre godt nytt år, vonar vi å bli sparte for ulukker, sjukdom og anna vondt i året som kjem. Samstundes vonar vi at noko vidunderleg skal skje, slik som Olav H. Hauge seier det i diktet Det er den draumen:

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje – at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

I kvardagane tenkjer vi nok meir prosaisk. Dei vert fylte med tankar på kva vi skal eteog drikke, kva vi skal kle oss med og korleis vi skal få råd til neste investering eller korleis vi skal få pengar til å betale neste rekning. Så slår det uventa ned, anten det er i familie eller nabolag og plutseleg kjem tankar om at vi sanneleg må vere glade for kvart nytt år vi har fått og kvar ny dag vi vil kome til å få.

Sundagar og høgtidsdagar brukar eg å høyre på Svensk TV2 sin gudsteneste. I dag var gudstenesta frå Bankeryd, ein stad med vel 8000 innbyggarar og der folk er aktive i frikyrkjene, etter det Wikipedia kunne fortelje då eg slo opp i dag. Teksten var frå Klagesongane. Då ventar ein å få høyre klage, men midt i den boka står desse orda, her sitert på bokmål:

Men én ting legger jeg meg på sinne, derfor har jeg håp: Herrens miskunn er ikke forbi, hans barmhjertighet tar ikke slutt. Den er ny hver morgen, stor er din trofasthet. Jeg sier: Herren er min lodd, derfor står mitt håp til ham. (3,21-24)

Så finn vi nok kva vi skal ete i det nye året også.

Bildet kan inneholde: mat og innendørs

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *