Iskaffe

Share

I dag tok eg turen til Tilbudsenteret i Mandal. Det har visst bytta namn, men det bryr eg meg ikkje så mykje om. Den rusleturen rundt i butikken er alltid interessant for ein som er på jakt etter gode tilbud. Som eg skreiv ein gong før, Reidun kjøper basisvarene, eg kjøper det som er litt nytt og spennande eller til nedsett pris.

Men denne gongen var det ikkje noko til nesett pris i kjøleboksen. Der måtte eg bare gå med lang nase, men like bortanfor stod jule-iskaffe. Medan normal iskaffe kostar 17 kroner, låg denne på 10, så eg tok med meg tre boksar-

Eg hadde fleire gonger vore på leiting etter sjokoladeudding utan å finne det, men denne gongen spurde eg og fekk svar, så då kom det ein pakke Piano i handlekorga. Ved sida av stod ferskenboksane, så eg plukka med meg ein slik også.

Planen var å ta ein iskaffe i bilen og så ha ein til kvar av oss heime. Men eg ombestemte meg og tok med meg alle heim.

Nabokona Jean kom innom i dag, og då ho skulle ha kaffe, vart det heller ein smak av iskaffe. Ho er som Reidun, handlar etter lapp og ser ikkje etter nye ting, men denne tykte ho var god. Det gjorde Reidun også, men eg tvilar på om ho vil ta det med i handlekorga neste gong likevel, for det er jo ikkje basisvare akkurat.

Mi søster Jorunn kom også innom og fekk ein prøvesmak. Alle meinte det var godt, slik sett var prøvesmakinga vellukka.

Bilderesultat for iskaffe mocha xmas

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *