Kyrkjebakken

Share

I kveld var eg med i Valle Radio og las nokre meldingar om hendingar komande veke. Det er programmet Kyrkjebakken, det kjem etter Postludium, som du kan lese om på Setesdalswiki.

Kyrkjebakken prøver å gi eit oversyn over hendingar ein veit om, ofte basert på det som står i Setesdølen. Men i tysdagsavisa er det ikkje så mange hendingar inn mot helga, dei kjem i torsdagsavisa, så då må ein heller leite på kommunane sine heimesider for å finne meir.

I avisa var det annonse frå Bykle kommune om arrangement i morgon, onsdag 22. januar. Då er det kulturkafe i Bykle samfunnshus med visning av film frå arrangement i Kulturminneløypa frå 2009. Torsdag er det konsert med Oakland Rain på Bykle alders- og sjukeheim i regi av Den kulturelle spaserstokken. Den musikkgruppa, som består av to jenter, er i Valle onsdagen, først på Valle bygdeheim klokka 11 og så klokka 18 i Sæbyggjen. Fredag er det basar med konsert i Bykle samfunnshus. Då kan ein også få kjøpe middag der, så det er ingen grunn til å droppe den.

Eg hadde med mange fleire hendingar, det eg nemner her, er det som stod i avisa. I sendinga gløymde eg å ta med at det 28. januar skal vere informasjonsmøte om ny bestandsplan for elg, hjort, rådyr og bever i Valle kommunestyresal klokka 17.

Etter endå fleire hendingar komande veke og ei påminning om å køyre forsiktig, avslutta Siri Johannessen med Velsignelsen med Oslo Gospel Choir, slik ho alltid gjer.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *