Oklee og Valle

Share

Oklee er ein liten by i Minnesota, om lag så stor som Valle. Han er vennskapskommune med Valle. Eg fekk høve til å lage ein artikkel om byen på Setesdalswiki no etter at byen var nemnd i ein av artiklane til Torbjørn Greipsland. Då eg hadde laga artikkelen, spurde eg på Facebook om det var nokon av mine venner der som hadde vore i Oklee, og då fekk eg fleire svar, slik at artikkelen om byen nok vart ein av dei meir spesielle på Setesdalswiki etter at eg hadde lagt inn svara.

Lenger kom eg ikkje i går og i dag har vi hatt besøk av Jorunn og Ole Thorvald frå Lyngdal, så då vart det ikkje meir skriving og heller ikkje høve til å høyre på Valle Radio. Dermed kom det bare ein ny artikkel på Setesdalswiki i dag, målet har vore minst fem kvar dag. Men i går var det åtte, så snittet held vi kanskje rimeleg godt.

Sjølv om eg ikkje fekk høyre Valle Radio i kveld kunne Siri fortelje at andaktshaldaren Roald Arnesen er son til Arne Arnesen som ofte har hatt møte på Nomeland bedehus. Ho snakka også med Ed Brown, som er generalsekretær i Stefanusalliansen. Og Inger Lise Stulien skal sleppe ny låt og fortelje om det i  Sørlandssendinga i NRK i morgon, men Siri kom før distriktssendinga denne gongen.

Postludium la eg ut på Setesdalswiki i går, så musikken som Niklos K. Besteland presenterte, kan du sjå der.

Mange reiste frå Setesdal til Minnesota og andre statar i USA: Samarbeidet mellom vennskapskommunane Oklee og Valle rann truleg ut i sanden, sjølv om det ikkje er formelt avslutta. Det vart for lang avstand. I staden fekk Valle ein vennskapskommune i Estland, Avanduse. Der har det vore ein viss kontakt. Og ettersom eg no har opna for å skrive om alt mogleg på Setesdalswiki, kjem det kanskje ein artikkel om både Avanduse og andre vennskapskommunar etter kvart. Bildet av kyrkja i Oklee fekk eg av Knut William Bygland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *