NRK starta i dag sendinga Svalbard minutt for minutt. Den skal gå i ei veke og vi skal fylgje hurtigruta rundt øygruppa. Det fekk meg til å lure på om Setesdalswiki har artiklar der Svalbard er nemnd, og det hadde vi.
Den siste artikkelen kom i dag og handla om Odd Birketvedt. Han var frå Konsmo, gjekk på Hornnes gymnas i 1936 og studerte sidan jus. Sjølv om han seinare var politiembetsmann på Romerike, tok han persmisjon eitt år for å vere assistent hos sysselmannen på Svalbard og i perioden 1956 til 1960 var han sjølv sysselmann der.
Jorunn Tove Høiland på servicekontoret i Evje og Hornnes har vore tilsett hos sysselmannen og med i lokalstyret, så ho sit nok og fylgjer med på sendinga. Ho har sjølv fortalt om Svalbard ved fleire høve.
Eva Bjærum gifta seg med Peder Sandvik i Svalbard kyrkje og Herdis Lien har hatt foredrag på Bjåen fjellstove om karane frå Bjåen som overvintra der. Søk på Svalbard i søkefeltet på Setesdalswiki, så får du opp meir.
Og slik såg det ut då dei la frå kai: