Handletur

Share

-Eg har ikkje tenkt meg på butikken i dag, sa Reidun då eg spurde henne om ho hadde slike planar. Eg kunne forstå henne, i periodar regna det vannrett og nedbøren kunne ikkje bestemme seg om han skulle vere regn, sklette, sludd eller snø. Vi fekk jo  nokre centimeter med snø her om dagen, men det meste har runne vekk.

Men i ettermiddag såg det ut til at det var litt likare, så eg nynna på Det går likar’ no og tusla ut i bilen for å få lufte vitet litt. Vi var lens for peparost, den er veldig god på ei halv brødskive til frukost. Prim-boksen var også tom, men då eg spurde Reidun om det, så hadde ho sjølvsagt ein ny boks på lur.

Så det var nok mest for å lufte vitet, klart eg kunne unnvere peparost, kaffimat hadde vi sikkert også nok av, kjenner eg kona rett. Slik i kveldinga var det ikkje så veldig trafikk, så eg fann grei parkering utanfor butikken. og så trilla eg med handlevogna rundt reolane, plukka litt her og litt der. Men peparost var dei tome for, så når eg først var ute og lufta vitet, svinga eg innom neste butikk på leiting etter den gode osten. Også der var peparosten borte frå hylla, så eg tok blåmuggost i staden og heldt fram med jakta.

I siste butikken lurte eg på om eg skulle gå inn, for no var regnet og vinden sterk, men det var ikkje så mange bilar på parkeringsplassen, så eg fann ein plass der eg i det minste kom meg ut i le. å gå ut av bilen med vinden i fleisen, frista ikkje. Og sanneleg, der var pepaosten. Og rosene var heller ikkje utselde sjølv om det no var langt på ettermiddagen.

Vel heime kom Dagsrevyen og der var det ei kvinne som snakka om kor viktig det var å planlegge innkjøpa. Ho klarte seg med 4000 kroner i månaden for ein familie på to vaksne og to barn. Eg hadde ingen annan plan enn å finne peparost, den kostar vel 20-30 kroner, men denne turen kosta meg nok ein del meir.

Jaja, noko skal ein vel betale for å lufte vitet på ein handletur i ofseleg regn, var det ofse og fille veir han song om, men kven var no det?

 

Andrea Maini

Share

Siste timen av tysdagskvelden i Valle Radio var Andrea Maini gjest hos Siri Johannessen. Han er italiensk organist, bur på Vegårshei, arbeider i Fjære i Grimstad og har lært seg ikkje bare nynorsk, men takka vere vallemal.no også valledialekt. Den meinte han forresten ville bli kalla Setesdalian på engelsk. Han har også lært seg nederlandsk, noko Siri nytta høvet til å teste.

På oppfordring kvo han også eit gamlestev frå Fjotland, I Lydaråsen. Kvar torsdag klokka 0855 spelar han musikk av den intalienske komponisten Antonio Cifra i Fjære kirke og han er også svært oppteken av den italienske komponisten Frescobaldi.

Som vanleg la Siri ut ei fyldig liste på Setesdalswiki over musikken i programmet, så eg tek med den også her på bloggen:

20.00 Preludium

Antonio Cifra

Et møte med kveldens gjest i Postludium, kantor Andrea Maini fra Fjære kirke, om orgel, vallemål, Italia og mer. Lenkene er til youtube.

20.30 Postludium

Andrea Maini stod for utvalget av kveldens musikk, som han hentet fra CD-boksen Frescobaldi: Toccate – Capricci – Fiori Musicali som Francesco Cera spilte inn på cembalo og orgler. Den ble utgitt på Arcana i 2019. Girolamo Frescobaldi ble født i Ferrera i Italia i september 1583, og døde i Roma 1. mars 1643.

  • «Aria detta la Frescobalda» (00’00” – 04’53”) fra CD4, spilt på en cembalo som er en kopi av en bygget av Nicolò Albana fra Napoli i 1584.
  • Fra Messa della Domenica, spilt på Guglielmiorgelet fra 1615 i Santa Maria-kirken i Vallicella, Roma:
    1. «Toccata avanti la Messa della Domenica» (1:49)
    2. «Kyrie-Christe-Kyrie» (7:18) med Ensemble Arte Musica dirigert av Andrés Montilla-Acurero
    3. «Kyrie-Christe-Kyrie alio modo» (6:53)
    4. «Canzon dopo l’Epistola» (3:09)

 

Planlegging

Share

Neste torsdag blir det planleggingsmøte for radioen på Sæbyggjen klokka 18 med servering av pizza. Utan å ha snakka med vår redaktør, reknar eg med at det er påskesendingane som skal planleggjast, no er det jo bare ein god månad til dei skal gå av stabelen.

Sjølv planlegg eg sendinga neste onsdag og tok i dag ein telefon til ein som eg kunne tenkt meg å ha med. Men han skulle inn på sjukehuset og rekna med at han ikkje kom tilbake så han kunne vere med, så det måtte viutsetje til seinare. Dermed kom eg ikkje lenger i dag, men vil halde fram med mi planlegging i morgon.

Vi har tenkt på om vi skulle ta ein tur til Valderøy no på våren og besøke barnebarna våre som bur der. Skulle vi kan hende kjøre, vi er jo pensjonistar og har tid til det. Men det er jo langt, så kanskje vi heller skulle ta fly. Her er planane bare lause til no, så det er ikkje godt å seie kva vi landar på.

Men alt kan ikkje planleggjast heller. Vi høyrer om at Norge planlegg for at det kan bli eit stort utbrot av corona-influensa, men at det truleg blir lite og ikkje vil ramme så mange. I alle fall var det det som var scenariet på Debatten i kveld. Om det skulle bli stort, måtte anna helsehjelp kanskje stillast på vent.

Godt var det då at naboen vår, Kåre, kom seg på sjukehuset i dag etter at han fekk eit lite slag ved middagstid. Jean ringte no i kveld etter at ho, Lena og Ronny hadde kome heim og kunne fortelje at han hadde fått god hjelp og var ikkje så verst, trass alt. Så skulle dei inn att på besøk i morgon. Men truleg ventar nok ein periode med opptrening.

Det hadde han nok ikkje planlagt i det heile, han hadde ved han skulle sage og kløyve og lø opp i vedskjolet. Så får ein likevel planlegge og vone det beste, både i private og sosiale samanhengar. Som regel går det godt når det er godt planlagt.

6 timar politikk

Share

Denne onsdagen gav Steinar Kyrvestad 6 timar med politkk i Valle Radio. Først som leiar i Setesdal Regionråd, som hadde møte frå klokka 10 til 14, deretter som ordførar i Valle kommunestyre, som hadde møte frå 18 til 2015.

Regionrådet brukar å invitere ulike folk til å halde innlegg om aktuelle saker. Denne gongen var det innlegg om Tre i Setesdal-prosjektet, som no er avslutta, Av-og-til, som inviterte kommunane i Setesdal til å bli med, det var visst bare Evje og Hornnes som var med og så Tom Egerhei frå Midt-Agder Friluftsråd, som orienterte om arbeidet. Han var også med på møtet i Valle kommunestyre og hadde ei orientering der som bare tok opp saker som gjaldt Valle.

Han snakka mellom anna om elvestrengen frå Byfjorden til Bjåen. Det er laga ein rapport på nesten 200 sider som lister opp 309 tiltak som kan legge betre til rette for friluftsliv langs Otra. Området var ein kilometer på kvar side av elva, eg tenkjer at då er ein langt inne på heia mange stader. Tiltaka har dei kome fram til etter folkemøter både i Kristiansand, Vennesla, Evje og Valle og Tom Egerhei meinte at kommunane måtte huske på friluftslivsinteressene i samband med revisjon av konsesjonane til kraftproduksjon slik at ein kunne få pengat til tiltaka.

Han snakka også om Sykkelrute 3 på denne strekningen. Den må rustast opp og han tok til orde for å kalle den vannkraftruta og meinte at ein kunne presentere korleis vannkraft blir produsert. Mange turistar veit lite om det som er sjølvsagt for oss som bur her. 4 milliardar KWH er like mykje som all vindkraft produsert i Danmark. Men Agder Energi var reservert til å gå inn med støtte til noko slikt, dei hadde mest fokus på å tene pengar til eigarane.

Likevel meinte han at ein Otra-app kunne vore interessant, med informasjon om attraksjonar langs heile elva. Også fiskestellet meinte han burde vitaliserast, ikkje minst med å få på plass lettare salg av fiskekort og nye kart.

Sjølve sakshandsaminga gjekk rimeleg raskt i regiontrådet, det vart litt meir plunder i kommunestyret, der reglementa for barnehage og SFO måtte reformulerast i nokre punkt. Då trong dei ein pause, og dei som ikkje var med på reformuleringa nytta då høvet til å få seg kaffe og vaflar i staden for å ta det etter møteslutt. Men så kunne protokollen skrivast under og ordføraren ta kvelden etter 10-12 timar med politisk arbeid.

 

Solveig Leithaug

Share

I eit informativt program i kveldens sending i Valle Radio fekk vi både informasjon om Gaither Homecoming og Gaither Music Club. Jan Kåre Haugland frå Finsland hadde teke turen til Valle for å fortelje om denne rørsla innan kristen musikk. Klubben er norsk og hadde på det meste 1400 medlemmer, no er det om lag 800.  Dei formidlar DVD frå Gaither Homecoming, selskapet som er den største distributør av kristen musikk i heile verda, etter det han sa.

I programmet Sangkveld presenterte han fleire artistar i stallen til Bill og Gloria Gaither både som solistar og i gruppa Gaither Vocal Band. Ofte tenkjer ein at gospelmusikk er black gospel, men det er nok flest kvite i stallen til Bill Gaither. Mange av gruppene har vore i Norge både ein og fleire gonger, no står ein ni dagars tur for døra med Solveig Leithaug og dottera Kari Julianna. Siri hadde eit flott intervju med henne på telefon frå Nashville, der ho bur. No pakkar ho kofferten og dreg på tur saman med dottera. Dei har vore på tur før, men no var det visst siste turen før ho giftar seg til våren.

Innimellom samtalen fekk vi eksempel på musikken ein kan høyre på konsertane. Solveig ga ut ei plate i 2019, Wayfaring Stranger, det er i år 35 år sidan ho ga ut si første plate.

Eg trur Hylestad kyrkje blir for liten laurdagskvelden.

I morgon startar sendinga i Valle Radio med overføring av møte i Setesdal Regionråd klokka 10 og så er det møte i Valle kommunestyre klokka 18.

Bilderesultater for solveig leithaug

 

Kommunestyremøte februar 2020

Share

Onsdag er det igjen tid for overføring av kommunestyremøte i Valle Radio. Det startar klokka 18 og har desse sakene på programmet:

PS 1/20 Referatsaker
RS 1/20 Regjeringen skrinlegger kraftskatteutvalget!
RS 2/20 Oppsummering frå møte mellom pol. leiing og adm 19.12.19
RS 3/20 Oppsummering frå møte angåande byggesaker på Dale
RS 4/20 Møteprotokoll representantskapsmøte 18.12.19 – Setesdal brannvesen IKS
RS 5/20 Reglar for tildeling av kommunalt utdnningsstipend for skuleungdom – gjeldande frå skuleåret 2020/2021

PS 2/20 Førespurnader
PS 3/20 Ordførar orienterer
PS 4/20 Endring av marginavsetning i skatterekneskapen
PS 5/20 God kostnadsstyring – prosess for gjennomgang av tenesteområda i Valle kommune
PS 6/20 Framlegg til nye vedtekter for barnehagane i Valle kommune
PS 7/20 Framlegg til nye vedtekter for skulefritidsordninga i Valle kommune
PS 8/20 Kloakkanlegg Nomeland – prinsippgodkjenning av utbyggingsalternativ. Godkjenning av avtale med Otra Kraft DA vedr. anleggsbidrag
PS 9/20 Rysstad brannstasjon – justering av finansieringsplan og godkjenning av anbod
PS 10/20 Høyring av forslat til endringar i motorferdsellova og forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagde vassdrag

Som vanleg er det også sending tysdagskvelden, då med Siri Johannessen som programleiar og teknikar. Den sendinga tek til klokka 18. Bildet er henta frå Valle kommune. Her ser ein skulen i Valle og lokala til skulefritidsordninga, som skal få nye vedtekter i sak nr. 7.

Valle skule frå Kvernhusvegen

 

 

Bykle kultursoge

Share

I kveld vil eg dele ein artikkel som Geir Daasvatn la ut på Setesdalswiki i dag. Det var ein artikkel om Bykle kultursoge. Geir skriv::

Bykle kultursoge er ei samling av fleire kulturskrifter i ei bok. Det er første og andre del av kultursoga for Bykle (1966 og 1974), heftet Frå Brattland til Minnesota (1977), heftet Jeremias S. Bykles liv og vandring (1978), boka Gamle mattradisjonar frå øvre Setesdal (1987) og Tamreindrift i øvre Setesdal (1988). Ved den samla utgjevinga vart stoffet utvida og biletmaterialet auka.

Kultursoga kom ut i 1993. Knut Gjerden var redaktør for boka. Han ordna stoffet, skreiv tilleggsartiklar og samla biletstoffet. Gro Nomeland GjerdenKnut Moen TrydalTarald Nomeland og Aasmund Tveiten skreiv også artiklar. Folke Nesland teikna karta. Mange andre hjelpte til med å få boka ferdig.

Bykle kommune utnemnde ei bygdesogenemnd til å ha det kommunale ansvaret for kultursoga. Kjetil Lidtveit var leiar, og Vigdis Jeiskelid og Hallvard O. Trydal medlemer.

Ennå er ikkje alle lenkene dekte med artiklar, men det bør kome nokså fort, for Heimar og folk i Bykle bør kunne gje stoff til dei.

 

Valle Auto

Share

Å, eg fann ei vakker jente nedi Setesdal.
Ho sto vakt på Valle Auto & Bensin.
Og ho lo til meg så eg blei både heit og kald.
Så eg spurde: «Vil du vere venen min?»
Men ho svara at: «Eg er nok ikkje fri.
Eg har ein som eg vil elske all mi tid.
Det er ei fele lagt i handa på ein spelemann,
som kan spele slik som berre setesdølar kan.»

Sangen innleia siste innslag i den aktuelle timen i onsdagssendinga i Valle Radio. Ørnulf Hasla hadde fått Elisabeth Spockeli i tale og ho fortalde om oppgradering av Esso i Valle for 2,5 millionar kroner. Dei har fått 40 sitteplassar, teke i bruk vaskehall og smørehall til sportsbutikk og vil sette opp ny vaksehall, håpet er at den skal vere klar til påske, dei ventar på løyve. Dei merkar godt trafikk til Hovden, men særleg godt er det når Brokke-Suleskarvegen opnar.

Men ikkje bare vil dei selje nye klær, også gjenbruk vil Elisabeth gi plass til, og neste år vil det kanskje også kome ski i butikken. Det fungerer godt med bensin og matservering, og medan dei ventar på at maten skal bli ferdig, kan dei handle sportsutstyr førdei reiser på fjellet. Her er ei ung jente som verkeleg satsar, ho har endåtil kjøpt bygget og har godt tru på framtida, var konklusjonen i programmet.

Om ho er dansegal, det vart det ikkje sagt noko om denne onsdagskvelden, sangen var nok meir for å skildre Valle Auto enn for å skildre eigaren. Bildet fann eg hos brokke.com

Bilderesultater for esso valle

Folkeakademiet

Share

Denne veka bloggar eg om programma i Valle Radio si onsdagssending. Ørnulf Hasla hadde fått med seg Berit Junge Henriksen i studio i samband med at Folkeakademiet i Valle skulle ha årsmøte torsdagskvelden.

I innslaget fortalde ho om eit svært aktivt år i 2019, ikkje minst takka vere god støtte frå Valle kommune og Valle Sparebank. Ho rekna ikkje med eit like aktivt år i 2020, men lova at styret, der alle stilte til attval, ville leggje seg i selen for å få gode program til Valle også dette året. Dette skjer som oftast gjennom Folkeakademiet Agder som har ein katalog med namn dei kan velje frå eller som arrangerer turnéar ein kan melde seg på. Årsmøtet skulle starte klokka 18 og det kom til å bli servert pizza frå Valle Auto før det så var konsert med Jarle Viken.

Dermed ringte dei Jarle Viken, tidlegare bokhandlar, no lærar, tidlegare busett i Farsund, no i Lillesand. Han nytta vinterferien til å dra på turne med eit program om Johnny Cash og skulle til Farsund, Eiken og Valle dagen etter. altså i går. Han fortalde at det var one man show, unplugged. Det vil seie at han ikkje nytta seg av anna enn gitar og munnspel. Berit nytta høvet til å invitere til å kome med idear til program til Kulturveka, og så måtte det jo bli nokre Johnny Cash-songar til slutt:

  • «Man in black» med Johnny Cash frå albumet Man in black (1971).
  • «A thing called love» med Johnny Cash frå albumet A thing called love (1972).
  • «Sunday morning coming down – 1988 version» med Johnny Cash frå albumet The Cash collection: The Mercury years 1987–1991 (2011).

Country-musikk likar me i Valle Radio, sa Ørnulf. Truleg meinte han at ein kan knapt få nok av det, og med slik promotering som denne konserten fekk, skulle det ikkje undre meg om det var fullt hus i Sæbyggjen i går kveld. Men det er ikkje så godt å vite det, for på førehand skriv dei om arrangementet på Facebooksida si, men etterpå er det ingenting. Men bildet av Jarle Viken henta eg likevel frå den sida:

Bildet kan inneholde: 1 person, spiller et musikkinstrument, gitar og skjegg

 

Verdsarv

Share

Med nyvunnen UNESCO-status for å ta vare på folkemusikk og gangardans som verdsarv, er det grunn til å tru at Valle Radio meir enn ein kveld framover vil ha verdsarven som tema. I går kveld hadde den tidlegare gangardansaren Ørnulf Hasla ein fin samtale med spelemannen Annbjørg Lien, eg trur også kvinner kallast spelemenn.

Ho har nyleg teke doktorgrad på folkemusikken frå Setesdal. Då var det naturleg for Agder fylkeskommune å engasjere henne i eit forprosjekt for å finne ut korleis ein kan nytte den nye statusen til regionen på best mogleg vis. I programmet synte Ørnulf til at slik status har gitt arbeidsplassar andre stader.

Samtalen var ramma inne av ein av dei mest energiske slåttane, Filleveren og vart avslutta med slåtten Hildalen, også kjent som Knut Heddis Minne. Å kunne gjere lokale tradisjonar nasjonale og internasjonale kan ikkje skje utan at både lokalt næringsliv og lokale organisasjonar er viktige medspelarar.

Men det kan sjå ut som om det ikkje er noko i vegen med det lokale engasjementet på dette området, då Setesdal Folkehøgskule i vår lyste ut gangarkurs, vart det fullteikna, og til og med hadde folk på venteliste. Og snart er det tid for nye kulturpatruljar og andre gode tiltak for å syne lokal kulturarv til nye målgrupper.

Her har Geir Dåsvatn teke eit bilde av Kulturpatrulja i 2015 med Sigrid Kjetilsdotter Jore og June Salte Thorsen i sving: