To nyheter

Share

Valle Radio som nyhetsformidlar er svært eksklusiv. I motsetning til NRK, som sender same nyhet kvar time og av og til enda oftare, sender Valle Radio aldri same nyhet om att. Det betyr at ein må få nyheten med seg når sendinga er der, elles går ein glipp av det som nokre gonger kan vere viktig informasjon.

Den eine nyheten i kveld vil nok folk få med seg utover året, for det var ei hending som er panlagt i Valle i august. Den andre nyheten i kveld vil folk også merke konsekvensane av.  Når etermedia fungerer slik, er det ofte nødvendig med skriven informasjon i tillegg til det som kjem gjennom lufta. Her kan bloggen min ha ei rolle. Slik har det vore tenkt heilt frå eg begynte å skrive blogg.

Før eg refererer nyhetene nemner eg at sendinga i kveld var ei vanleg tysdagssending med kåseri, andakt, sangkveld og Postludium, det siste programmet med musikk relatert til Stephen Cleobury. På Setesdalswiki finn du meir skriven informasjon om kveldens program.

Klassisk musikkfestival i Øvre Setesdal

I august 2020 vert det klassisk musikkfestival i Øvre Setesdal. festivalen er lagt til helga 14.-16. august 2020. Det opplyste organist Henrik West i Valle tysdag. Festivalen vil arrangere konsertar i kyrkjene i Øvre Setesdal, men Henrik West ville ikkje røpe programmet enno. Han fortalde at det ikkje let seg gjere å få heile Symfoniorkesteret med denne gongen, men om det blir festival eit anna år, kan det kanskje lukkast. I staden vil det bli mindre grupper som blir med denne gongen.

Festivalen kjem til dels i staden for tidlegare års onsdagskonsertar gjennom sommarsesongen. Talet på slike vi bli redusert i 2020.

KULA innfører folkemøte

Riksantikvaren innfører folkemøte som del av arbeidet med Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Det opplyste fagdirektør ved Samfunnsavdelingen hos Riksantikvaren, Jostein Løvdal i tysdagssendinga i Valle Radio 4.  februar.

Det var på bakgrunn av avisoppslaga i etterkant av møtet at programleiar Siri Johannessen tok opp saka med Jostein Løvdal. Han kunne då opplyse at dei i neste veke skal ha møte med Valle kommune og då vil det bli folkemøte der riksantikvaren vil vere til stades.

-Tidlegare har vi hatt møte bare med kommuneadministrasjonen, no går vi ope ut og inviterer først til folkemøte, og når det kjem til høyring, vil også lag og foreningar kunne gje uttale til slike planar. -Våre planar er ikkje bindande for kommunane, men vi håpar at dei vil føre til auka merksemd for verdiane i kuturhistoriske landskap.

I Setesdal er det området i Åraksbø, Valle kyrkjebygd og området ved Rygnestad som er med i planane frå riksantikvaren.  På nettsida deira heiter det: Vi har også laget en veileder om hvordan disse områdene bør forvaltes gjennom arealplanlegging og andre virkemidler. Denne veilederen er først og fremst rettet mot kommunene, men også mot regional kulturminneforvaltning og sektormyndigheter.

Her er to lenker som kan vere av interesse:

https://ra.brage.unit.no/ra-xmlui/bitstream/handle/11250/2630891/KULA_h%c3%b8ringsutkast_Agder_web.pdf?sequence=6&isAllowed=y
https://www.riksantikvaren.no/prosjekter/kulturhistoriske-landskap-av-nasjonal-interesse-kula/