Av med skoa!

Share

I kveldens time om Svalbard i Valle Radio var det mange som kom inn på skikken med at ein i Longyearbyen måtte ta av seg skoa. Det gjaldt både på hotellet og i kyrkja, og dei som var erfarne Svalbard-turistar og visste om skikken, hadde med seg raggsokkar når dei reiste dit.

Bakgrunnen var frå den tida dei dreiv gruvedrift der. Rønnaug Torvik hadde vore der i den tida, eg trur det var i 1983 ho sa. Då arbeidde bror hennar i gruva og skulle tene til å studere.  Han var kolsvart då han kom frå jobb og måtte bade før han kunne gå heim. Han budde på ein hybel i ei brakke, familiar med born hadde eigne bustader, men einslege budde på brakke. Ho var der om sommaren, då gjekk dei på småturar i helga.

Olav Hovet var på ein gutetur i slutten av januar. Då var det mørkt, men han og venene var på scootertur til Isfjord Radio og til Pyramiden, det var nok den lengste scooterturen han hadde vore på, men det gjekk jo greitt i godt snøføre. Og Pyramiden var fråflytta, husa stod opne og tome, endåtil biblioteket hadde meirope og høve til å låne med seg ei bok hadde han. Den var på russisk og utan bilete, så han hadde ikkje fått lese ho enno.

Ingebjørg Godskesen var der tre gonger då ho var på Stortinget. Det var kanskje ikkje så mykje trafikk der, ho var i transportkomiteen, men både fly og båt kunne vel kome inn under dei emna komiteen handsama. Ho er aktiv i politikken på fylkesnivå og kjempar for pengar til Riksveg 9, den kampen må haldast varm på alle frontar. Eg oppmoda henne til også å skaffe pengar til Brokke-Suleskarvegen, og ho ville ha den også i tankane.

Inger Lise Stulien var på Svalbard i samband med ein konsert i kyrkja, det også på sokkelesten. Som lærar var ho interessert i skulen der, så ho var innom og snakka med folka på skulen.

Helene Horverak hadde også vore på Svalbard, men med henne snakka eg mest om den turen ho nyleg hadde til Hawaii. Reisa til USA sin stat i Stillehavet tok 28 timar, trur eg det var. Ho fortalde levande om opplevingar på den turen, både om natur og kultur. Så spurde eg henne om Pearl Harbour, og då hadde ho svært mykje på hjarta, ikkje minst om korleis ein båt som vart senka der er blitt til ein gravplass. Over båten er det byg eit museum, men dei gav opp å hente opp dei som omkom då båten vart senka. I staden kan folk som arbeidde på båten bli gravlagde der. Då vert dei kremerte og ein dykkar sett ned urna.

I Kommunen informerer snakka eg denne gongen med ordførar Steinar Kyrvestad. Han hadde vore på ein strategikonferanse om Agder som fylkesmannen arrangerte. Vi snakka om KULA, kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse. Det er fleire slike i Setesdal: Sandnes, Åraksbø og Skore i Bygland, Valle kyrkjebygd, Rygnestad og Flateland og Heibergheiane i Valle.

Det har vore møte om dette i Bygland, der var ikkje folk frå Riksantikvaren med, bare frå fylket. Men når det komande tysdag vert møte i Valle, er også riksantikvaren med for å informere. Steinar oppfordra alle intersserte til å kome på møtet.

Til slutt i kveld kom Sigrid Kjetilsdotter Jore til studio. Sondre Rua Dokken var der alt, han var teknikar i kveld. Dei snakka med Oddbjørn Berg fra Bygland Filmklubb og med Stina Brandin, fiolspelar frå Sverige som har budd her i kommunen i fire år og som jobbar som miljøarbeidar på Setesdal folkehøgskule.