Merkedagar

Share

Vi har mange slags merkedagar. Fødselsdagar er jo slike dagar, dei kjem kvart år og etter at Facebook kom, er det blitt mykje lettare å hugse desse merkedagane til vener og kjente. Før måtte vi helst skrive dei opp i ei fødselsdagbok eller på ein fødselsdagskalender. Deretter måtte vi ikkje gløyme å slå opp i boka eller kalenderen slik at vi kunne halde greie på kven som hadde fødselsdag. Nokre har klisterhjerne på slike datoar. Eg er ikkje blant dei, sjølv om eg for det meste held styr på næraste familie sine dagar.

Bryllaupsdagar er også merkedagar, men der må eg nok helst gje opp når det gjeld andre enn vår eigen. Det kan til og med vere vanskeleg å hugse ungane sine bryllupsdagar. Heldigvis er det ikkje så vanleg å gratulere med merkedagar for bryllaup anten det heiter papirbryllup eller andre namn. Wikipedia har ei liste over alle bryllupsdagane eg har hatt:

Men rett skal vere rett, den siste merkedagen på den lista kjem ikkje før i morgon for oss. Dei andre har vi heller ikkje feira, vi er ikkje så opptekne av feiring og fest. Vi likar best når det går på det jamne. Likevel er det grunn for meg til å takke for mange år saman. Eg og Øystein Berg lurte ofte på korleis konene våre heldt ut med oss, det gjekk over vår forstand, men takksame var vi begge to når vi av og til sat og filosoferte i tida saman på Valle Vaksenopplæring.

Sjølv om vi ikkje feirar så mange merkedagar, er det grunn til å glede seg over og takke for eit liv i lag.