Søren Jaabæk

Share

I går var Søren Jaabæk tema på Senioruniversitetet i Mandal. Det var Torbjørn Greipsland som skulle halde foredraget og han hadde med seg ei bok til meg, Coya come home. Han har skrive artikkelen Coya kom hjem på Setesdalswiki og ville gjerne gje boka til meg.

Senioruniversitetet i Mandal held til i Buen kulturhus. Til vanleg parkerer eg på nordsida, stikk innom og hentar reserverte bøker på biblioteket og reiser att. Der kan ein parkere inntil ein time utan å betale. Men denne gongen måtte eg finne parkeringsplassen på sørsida, registrere meg i parkeringa og så labbe rundt Mandal Hotel og fram til Buen.

Inne i foajeen var det mange som skulle på same foredraget, men eg fekk min bilett til 150 kroner og fann ein plass langt oppe i amfiet.

Det var eit interessant foredrag der vi mellom anna fekk høyre at han var frå Holmesland og gifta seg til Jåbekk, som jo er nabogard til Eskeland, der eg bur. Han stifta bondevennforeningar og bladet han ga ut, Folketidende, hadde over 3000 abonnentar.  Han var ordførar i Halse og Harkmark i fleire periodar og sat på Stortinget frå 1845 til 1890. -Det er verdensrekord, sa Torbjørn Greipsland, som meinte at Erna Solberg kanskje kunne matche rekorden, ho har vore på Stortinget i 30 år og har ikkje fylt 60, sa han.

Etter foredraget var det høve til spørsmål og kommentarar før avhaldsmannen Greipsland fekk ei flaske vin som synleg takk for foredraget. -Vi pleier ofte å gi ei bok om Mandal, men du har truleg alle, sa møteleiaren.

Etter ein prat i foajeen i Buen valde vi å halde fram på Tiedemand Cafe på andre sida av elva saman med Ådne Fardal Klev. Historikaren som skriv bygdebøker for både Evje og Bygland og Torbjørn Greipsland hadde ikkje bare Søren Jaabæk å snakke om, men også mykje anna. Det vart ein triveleg time i godt selskap.