Eit radarpar

Share

Kveldens sending i Valle Radio var ved det eg vil kalle eit radarpar. Ørnulf Hasla i studio og Siri Johannessen bak spakane er eit radarpar til glede for lokalradiolyttarar over heile Setesdal. I kveld møtte Ørnulf først Else Margit Tveit, fagansvarleg skule i Valle kommune. Ho hadde visst ikkje fått med seg at ho skulle i radioen, så ho var på spitekurs på Husfliden, men la frå seg strikkepinnane og sprang opp trappa til studio medan Ørnulf prata for å halde sendinga gåande og Siri fann musikk som kunne nyttast.

For ein musikk, Else Margit spelte saxofon i korps som ung og der var Siri på plass med Astor Piazolla sin Libertango. Det er bare å sjå på artikkelen om programmet på Setesdalswiki, der ser du musikken , Siri rakk å legge ut det også mellom alle gjeremåla.

Som fagansvarleg skole arbeider Else Margit Tveit med meir overordna saker om skole og barnehage. Ho var rektor på Hylestad skule, men då den vart slått saman med Valle skule, fekk ho jobb på kommunehuset. I år er det 129 elevar, skulen er fulldelt og om nokre år kjem det endå fleire elevar, for kulla i barnehagen er store, og det håpa ho dei kom til å bli. Samanslåinga av dei to skulane har gått greitt, både elevar og lærarar har fått noko større miljø å vere i.

Overskrifta speglar at det er godt å vere to når ein skal få til eit program. Det synte seg også seinare i sendinga, men det vil eg kome tilbake til i morgon. Vel blåst!