Folkeakademiet

Share

Denne veka bloggar eg om programma i Valle Radio si onsdagssending. Ørnulf Hasla hadde fått med seg Berit Junge Henriksen i studio i samband med at Folkeakademiet i Valle skulle ha årsmøte torsdagskvelden.

I innslaget fortalde ho om eit svært aktivt år i 2019, ikkje minst takka vere god støtte frå Valle kommune og Valle Sparebank. Ho rekna ikkje med eit like aktivt år i 2020, men lova at styret, der alle stilte til attval, ville leggje seg i selen for å få gode program til Valle også dette året. Dette skjer som oftast gjennom Folkeakademiet Agder som har ein katalog med namn dei kan velje frå eller som arrangerer turnéar ein kan melde seg på. Årsmøtet skulle starte klokka 18 og det kom til å bli servert pizza frå Valle Auto før det så var konsert med Jarle Viken.

Dermed ringte dei Jarle Viken, tidlegare bokhandlar, no lærar, tidlegare busett i Farsund, no i Lillesand. Han nytta vinterferien til å dra på turne med eit program om Johnny Cash og skulle til Farsund, Eiken og Valle dagen etter. altså i går. Han fortalde at det var one man show, unplugged. Det vil seie at han ikkje nytta seg av anna enn gitar og munnspel. Berit nytta høvet til å invitere til å kome med idear til program til Kulturveka, og så måtte det jo bli nokre Johnny Cash-songar til slutt:

  • «Man in black» med Johnny Cash frå albumet Man in black (1971).
  • «A thing called love» med Johnny Cash frå albumet A thing called love (1972).
  • «Sunday morning coming down – 1988 version» med Johnny Cash frå albumet The Cash collection: The Mercury years 1987–1991 (2011).

Country-musikk likar me i Valle Radio, sa Ørnulf. Truleg meinte han at ein kan knapt få nok av det, og med slik promotering som denne konserten fekk, skulle det ikkje undre meg om det var fullt hus i Sæbyggjen i går kveld. Men det er ikkje så godt å vite det, for på førehand skriv dei om arrangementet på Facebooksida si, men etterpå er det ingenting. Men bildet av Jarle Viken henta eg likevel frå den sida:

Bildet kan inneholde: 1 person, spiller et musikkinstrument, gitar og skjegg