Å fortelje

Share

Kveldens sending i Valle Radio hadde sterkt fokus på det å fortelje. Alt frå Siri sitt flotte kåseri i Kvarterte via andakten av Halvard Hasseløy, der han la inn ei vakker forteljing frå ei oppleving han hadde hatt i hjelpearbeidet sitt til den profesjonelle forteljaren Ivar Nygaard.

Han gav oss ein smakebit av Sild, salighet og zulu, forteljinga han hadde i Sæbyggjen sundag kveld, men også glimt av andre forteljingar han hadde i repertoaret sitt. Vi fekk høyre litt om forteljarprofesjonen, Ivar Nygaard sitt første oppdrag var til Det Norske Misjonsselskap sitt 175-årsjubileum, så fleire av forteljingane hans hadde misjon som ramme. Til hausten skulle han lansere ei ny forteljing basert på historia om kvinner som arbeidde som sykesøstre for Røde Kors på to ulike frontar under krigen, etter det eg skjøna. Mor hans var ei av dei. Da ho kom heim, vart ho dømt til eitt års fengsel.

Niklos K. Besteland hadde eit program med musikk frå Italia og Spania. Dette var andre programmet i ein serie og her spelte han verk av Claudio Monteverdi, Giovanni Gabrieli, Tomás Luis de Victoria og Fransisco Correa de Arauxo. Dette var musikk eg ikkje hadde høyrt før, vakker musikk både for kor og orgel.

Nytt hundretal

Artikkelen Tysdagssending i Valle Radio 20200211 vart artikkel nr. 91 600. Det var ein artikkel som Siri Johannessen la inn no i kveld i samband med sendinga. Vi brukte 20 dagar på desse 100, det vil seie 5 kvar dag. Eg har sagt at om vi klarar det, er det fin produksjon, så eg er vel nøgd. Dei siste dagane har eg ikkje skrive så mykje, naturleg nok. Men heldigvis er eg ikkje aleine. Kan hende klarar vi hundre nye i løpet av februar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *