Biografiar

Share

Eg har ikkje lese så mange biografiar opp gjennom åra. Men etter som eg har blitt eldre, har biografiar blitt meir interessant lesning for meg. Nokre av dei har eg skrive om her på bloggen, til dømes biografien om den norskamerikanske legemisjonæren i Kina, Caspar Skinsnes.

Med biografiar meiner eg bøker om folk. Små artiklar på Wikipedia om folk har eg jo lese og sjølv skrive i årevis, både der og på Setesdalswiki. Men heile bøker om livet til folk har eg ikkje hatt tålmod til å lese.

Onsdag var eg på Senioruniversitetet og møtte Torbjørn Greipsland. Han hadde med ei bok til meg, eg skreiv det så vidt i bloggen på torsdag. Boka Coya Come Home er på over 300 sider og når eg ikkje har skrive noko særleg på Setesdalswiki i det siste, er det fordi eg har dukka ned i biografien om Coya Knutson, kvinna som kunne blitt visepresident i USA på 1950-talet, men som vart kalla heim av mannen som skreiv under på eit brev politiske motstandarar forfatta med same tittel som boka. På 1950-talet meinte veljarane at kvinner skulle halde seg til kjøkken og heim, så ho vart ikkje attvald.

Det er ei fascinerande bok og ei livshistorie ein knapt kan forstå i våre dagar, i alle fall i Europa der kvinner har sterk politisk nærvær. At ho heitte Gjesdal som jente og at far hennar kom frå Gjesdal og mannen Andy stamma frå Bygland, gjer jo boka ikkje mindre interessant.

På dei politiske møta i fylket der ho høyrde til, ho vart gift til Oklee, underheldt ho ikkje bare med politiske talar, ho spelte både piano og gitar og song gjerne Den glade vandrer for det store norsk publikumet. Som ung tok ho utdanning innan musikk og var musikklærar før ho vart politikar.

Her er eit bilde av henne ved pianoet:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *