Forsoningens tjeneste

Share

29. september1878 heldt pastorJohn K. Rystad si første preike i kyrkja i Norse iTexas. Det hadde vore ei lang reise før han kom dit. Han var fødd i Rock River i Wisconsin 6. mars 1848, så han var 30 år gammal blitt. Foreldrene hans kom til det lova landet tre år før han vart fødd, så han var ikkje med då dei to eldre søskena reiste saman med foreldrene over havet og opp Mississippi med hjuldampar for å etablere seg i Rock River.

Då John var 10 år gammal døydde faren Knut Halvorson Rystad. Mora sat att med små barn. Eldste broren var død i krigen, den yngste var for ung til å hjelpe på garden då presten Nils Brandt, som hadde vore konfirmasjonspresten hans meinte at den dyktige ungdommen burde få meir skulegang. Sjølv om mora hadde trengt arbeidskrafta hans, let ho han få bli med til  Luther College etter å ha arbeidd på nabogardar og tent litt pengar sommaren 1865.

Saman med presten Nils Brandt som skulle bli lærar på Luther College reiste han så for første gong med tog, først til Madison, hovudstaden i Wisconsin, deretter over Mississippi og så vidare med tog igjen til Decorah i Iowa. Eg tenkjer han gjorde store augo då han kom fram, dagen etter vart hovudbygningen der vigsla med 5000 menneske til stades.

Så fylgde mange år med teologisk utdanning om vinteren og arbeid som lærar om sommaren. I 1877 vart han ordinert av synodepresident H. A. Preus. Deretter venta han på å få vite kor kyrkjesamfunnet ville plassere han som prest. Då dei fekk vite at han skulle til Texas, lo alle studentane, dei tenkte at å reise til Texas betydde å slåss mot meksikanarar og døy av gulfeber. John hadde slett ikkje lyst til det, på den tida meinte folk at gulfeber var så smittsomt at det til og med smitta med posten.

Like fullt, hadde han fått ei teneste, så var det bare å dra. Og snart var han i fullt arbeid i det som skulle bli hans livs kall. Preiketeksten den første gudstenesta i Norse var frå 2. Kor. 5, 18-21, her sitert på bokmål:

Men alt er av Gud, han som ved Kristus forsonte oss med seg selv og ga oss forsoningens tjeneste. 19 For det var Gud som i Kristus forsonte verden med seg selv, slik at han ikke tilregner dem deres misgjerninger, og han betrodde budskapet om forsoningen til oss. 20 Så er vi da utsendinger for Kristus, og det er Gud selv som formaner gjennom oss. Vi ber dere på Kristi vegne: La dere forsone med Gud! 21 Han som ikke visste av synd, har han gjort til synd for oss, for at vi i ham skulle få Guds rettferdighet.

Leonhard Jansen tok bilde av Bibelen til pastor Rystad:

Fil:Rystads Bibel.jpg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *