Gjenbruk

Share

Eg llikar å gå på gjenbruksbutikkar. Men eg ser sjeldan etter noko anna enn bøker. Nyleg fekk eg spørsmål frå Margunn om eg kunne sjå etter ei slik bordbjelle som vi brukte når vi skulle få ro før bordverset eller før nokon skulle tale i eit selskap der ein ikkje slo på glasset.

Eg hadde meg ein runde utan å finne noko, så om nokon har ei slik bjelle dei kan vere av med, blir Margunn glad.

Derimot finn eg som oftast noko i hylla for brukte bøker. Eg er gjerne på leiting etter bøker med biografiar, men då eg nyleg kom over ei bok med biografiar over lokomotivførarar, let eg den stå. Det skulle eg kanskje ikkje ha gjort, når eg tenker etter.

Men laurdag var eg innom NLM Gjenbruk i Mandal, dei har bare ope torsdag, fredag og laurdag, så fann eg to biografiar. Den eine var om Liv Kyllingstad Godin, Kongo-misjonæren frå Ålgård baptistkyrkje som vart ein institusjon i sitt andre heimland og som gjorde at vi som vaks opp på  Ålgård og til tider var innom baptistkyrkja, aldri var i tvil om kvifor Kongo var ein viktig plass. Ho reiste til Kongo alt i 1946, året før eg vart fødd.

Eg har bare så vidt begynt på boka, og den verkar lovande, så truleg kjem det nok meir på bloggen etter kvart. Jarle Vines tok dette bildet av henne:

Liv Kyllingstad Godin.jpg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *