Handletur

Share

-Eg har ikkje tenkt meg på butikken i dag, sa Reidun då eg spurde henne om ho hadde slike planar. Eg kunne forstå henne, i periodar regna det vannrett og nedbøren kunne ikkje bestemme seg om han skulle vere regn, sklette, sludd eller snø. Vi fekk jo  nokre centimeter med snø her om dagen, men det meste har runne vekk.

Men i ettermiddag såg det ut til at det var litt likare, så eg nynna på Det går likar’ no og tusla ut i bilen for å få lufte vitet litt. Vi var lens for peparost, den er veldig god på ei halv brødskive til frukost. Prim-boksen var også tom, men då eg spurde Reidun om det, så hadde ho sjølvsagt ein ny boks på lur.

Så det var nok mest for å lufte vitet, klart eg kunne unnvere peparost, kaffimat hadde vi sikkert også nok av, kjenner eg kona rett. Slik i kveldinga var det ikkje så veldig trafikk, så eg fann grei parkering utanfor butikken. og så trilla eg med handlevogna rundt reolane, plukka litt her og litt der. Men peparost var dei tome for, så når eg først var ute og lufta vitet, svinga eg innom neste butikk på leiting etter den gode osten. Også der var peparosten borte frå hylla, så eg tok blåmuggost i staden og heldt fram med jakta.

I siste butikken lurte eg på om eg skulle gå inn, for no var regnet og vinden sterk, men det var ikkje så mange bilar på parkeringsplassen, så eg fann ein plass der eg i det minste kom meg ut i le. å gå ut av bilen med vinden i fleisen, frista ikkje. Og sanneleg, der var pepaosten. Og rosene var heller ikkje utselde sjølv om det no var langt på ettermiddagen.

Vel heime kom Dagsrevyen og der var det ei kvinne som snakka om kor viktig det var å planlegge innkjøpa. Ho klarte seg med 4000 kroner i månaden for ein familie på to vaksne og to barn. Eg hadde ingen annan plan enn å finne peparost, den kostar vel 20-30 kroner, men denne turen kosta meg nok ein del meir.

Jaja, noko skal ein vel betale for å lufte vitet på ein handletur i ofseleg regn, var det ofse og fille veir han song om, men kven var no det?

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *