Miljø og møter

Share

Kveldens sending i Valle Radio kunne kanskje fangast inn i overskriften eg sette på kveldens blogg. Siri Johannessen hadde utfordra meg til å halde andakt og eg var inspirert av gjesten ho hadde sist veke, forteljaren Ivar Nygaard, så i staden for å halde ein tradisjonell andakt, fortalde eg om presten John K. Rystad, foreldrene stamma frå Rysstad. Han kom frå Wisconsin og bytta miljø då han kom til Texas der han vart verande heile livet. Han hadde sikkert nok av møter også i si lange tenestetid.

Sangtimen Olavs sangtime let oss få høyre Edgar Paulsen og fleire andre som nok også har delteke på mange møter.

Så kom vi til Jan Haugeland, Jan Kran, som han vert kalla. Han er kranførar og svært medviten når det gjeld miljø. På taket har han solfangar som varmer opp vatn son han nyttar ved vannboren varme i huset sitt på Haugeland. Han fortalde også at han måtte ha Armiflex for å hindre at kjøtmeisen åt opp isolasjonen på ledningane.

På hytta hadde han vindmølle, den var ikkje så stor, så den drap ikkje ørner som på Smøla. Men den skaffa han straum som han lagra i eit batteri.

Miljøengasjementet synte han også gjennom å ha ein veteranbil, ein Landrover, men han hadde også elbil. Veteranbilen meinte han kunne vere eit eksempel på at bruk og kast ikkje var noko for han, om eg skjøna det rett. Det var betre og meir miljøvennleg å kjøpe haldbare ting som kunne reparerast. Sjølv hadde han laga seg ein verkstad der han kunne halde på med ulikt reparasjonsarbeid. Han likte nok sveisearbeid betre enn trearbeid etter det eg fekk med meg.

Arne Inge Vålandsmyr frå Hisøy var neste mann ut. Han skal ha disippelskole i Bykle onsdag og torsdag i neste veke. Dei går gjennom Kolossarbrevet, Normisjon hadde satsing på slike skolar i 2020 etter det han sa. Mellom ti ulike temarekker valde Bykle dette temaet. Kvar møtekveld har dei først ein bibeltime og så ei matøkt før siste time. Møtene tek til klokka 19. etter timen kan ein få PowerPoint-manuset han brukar på mail.

Til slutt kom Birger Trydal frå Bykle viltnemnd og minna om at når store hjortedyr no trekkjer ned i dalen og kjem ut på vegen på grunn av mykje snø på fjellet, er det stor fare for påkjørsel, så folk måtte vere aktsame, skilta med fare for elg er ikkje sett opp utan grunn. Og når det gjeld reinsdyr som kanskje har det ekstra vanskeleg, bør ein ikkje stresse dei under den vanskelege tida dei har no. Det er utvida båndtvang både i Bykle og Valle. Er ulukka ute, ringer ein politet på 28000, sa han, så vil dei varsle viltnemnda.

Postludium i kveld var ved Niklos K. Besteland og han hadde funne fram nokre godbitar frå Dietrich Buxtehude sine mange komposisjonar.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *