Planlegging

Share

Så er eg i gang med planlegging for Valle Radio sin sending onsdag. Ettersom det starta eit 9 dagar langt program på NRK2 med Svalbard minutt for minutt i går, tenkte eg at eg kunne ta det som eit tema og spurde om mine facebookvener hadde vore på Svalbard.

Mange hadde teke turen, eg fekk fort svar. Men då eg ringde Svein Harberg, som svarte først, kunne han ikkje vere med. Det kunne jo vore interessant å frette han ut om både Svalbard-politikk og andre ting. Ingebjørg Godskesen ville imidlertid gjerne vere med, så dermed var den første på plass til onsdagssendinga.

Deretter gjekk telefonen til Helene Horverak, og ho ville også gjerne vere med. Ho har nyleg vore på tur til Hawaii, så vi avtalte at vi gjerne skulle snakke om det også, og dermed er kanskje planane mine noko endra. No blir det heller reiseliv som blir tema, og det er mange som er ute og reiser, så det blir sikkert ikkje så vanskeleg å få på plass dei andre etter kvart også.

eg fekk ein morosam kommentar frå mitt søskenbarn Anne Amdal i Flekkefjord. Ho skreiv: Aldri, men vinner eg lotto i kveld så reise me?  Då måtte eg svare at ho heller fekk ta med seg Reidun, eg tenkjer vel helst at eg ikkje er særleg hippen på lange turar lenger.

Også søster mi, Gunbjørg har vore på Svalbard. Ho jobba på flyplassen på Sola og reiste saman med kollegaer. Eg trur dei hadde ei felles kasse der dei samla flasker som folk sette att på flyplassen, så den betalte heile turen for gjengen.

Men eg klarer greitt å sjå Svalbard på TV og er nøgd med det.

Så får planlegginga av sendinga onsdag gå vidare i morgon.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *