Posten skal fram

Share

Overskrifta i kveld har vore eit slagord som har site godt i minnet. Vi har høyrt om korleis postbud stod på for å levere posten i gamle dagar og trassa både storm og anna uver for å få fram posten.

I våre dagar er det jo ikkje så mange som skriv brev, men aviser og blad kjem jo framleis med posten. Difor var det skuffande at Setesdølen ikkje kom i går. Det skjer ein og annan gong at avisa uteblir, men då kjem ho dagen etter.

Men heller ikkje i dag var det noko Bygdeblad for Setesdal i postkassen her på Eskeland, så då tok eg ein telefon til bladstova for å få den ettersendt. Eg tvila på om det kunne kome noko torsdagsavis denne gongen, og fekk lovnad på å få den ettersendt sjølv om ho ikkje kjem før på måndag. Posten leverer jo ikkje lenger på laurdagar. Det får no våge seg, for eg treng jo avisa for å skrive inn overskriftene på Setesdalswiki.

Så tok eg meg ein tur innom avisa si nettside. Der vart eg noko overraska, for ikkje ein einaste artikkel var open til å kunne lesast utan abonnement. Mest alle avisene har litt godt lesestoff som ikkje krev abonnement, og eg vart overraska over at alt stoffet i Setesdølen var gøymt bak betalingsmur. Eg ville tru at avisa hadde tent på å gi publikum ikkje bare bilete, men også ein liten artikkel eller to gratis. Eg veit vel at avisa har fleire abonnentar enn det er husstander i Setesdal. Likevel trur eg at ein annan politikk på nettsida kunne gitt ein abonnent eller to til av lesarar som ikkje fekk nok med litt og ville ha meir.

Heldigvis kom brevet frå Niklos K. Besteland fram. Komande tysdag skal han ha eit program med musikk av Dietrich Buxtehude i Valle Radio.

Her er framsida på avisa som posten ikkje fekk fram til meg denne veka:

eAvis

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *