Variert og mangfoldig

Share

Kveldens sending i Valle Radio var både variert og mangfoldig. Her er programmet:

Program onsdag 12.02.20
Ansvarleg Ørnulf Hasla
Teknikar Liv Gunn Viki
Telefonvakt: Ingeborg Åkre Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen med. Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med rådmann Aud Sunniva Fuhr
20.00 Aktuell time med Ørnulf
– Elin Uppstad, jente som satsar

– Torleiv Løyland, løype køyrar på Bjørnevatns område i 33 år

Bjørnevatn VALLE
– Marcin Matysik frå Visit Setesdal om messe i Herning i Danmark
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike
Med rådmannen i studio kunne Ørnulf Hasla ta opp mange ting. Dei snakka om bustadfeltet i Leite og ferdiggjering av det, det er ikkje bygd ein einebustad i Valle sentrum på 40 år, blei det sagt. Men dei snakka også om utviklingsplanane for Rysstad og Valle, den første er visst snart ferdig og så skal dei starte på Valle.
Der var dei så vidt innom diskusjonen om Valle menighetshus. I påvente av om det blir rettssak, gjer kommunen det klart for å kunne rive bygget for ikkje å miste tid om kommunen sitt syn vinn fram. I går kveld var det stinn brakke i Sæbyggjen då dei diskuterte KULA, som ikkje handlar om vern, presiserte rådmannen.
Endeleg var dei også innom arbeidet for å flytte Joker til kjellaren på Valle kommunehus, noko som jo betyr flytting for fleire avdelingar.
I den aktuelle timen fortalde først Elin Uppstad om satsinga si på ski. Ho er ikkje inne på noko lag, så det var pappa som administrerte. No bur ho på Austlandet for å vere i eit miljø og ho vonar å kome opp på nivå slik at ho kan vere med i verdscup og satse på å leve av idrett.
Deretter var det ein lang og interessant prat med Torleiv Løyland om løypekøyring på Bjørnevatn og mangt anna han hadde gjort i livet. Som sendinga i kveld hadde også hans liv vore variert og mangfoldig. Eg vil oppdatere om dette på Setesdalswiki etter kvart.
Visit Setesdal satsar på å vise at Setesdal er eit godt feriemål for danskar når dei snart reiser på messe i Herning. Marcin Matycik var ikkje den einaste som skulle dit, men den dagelege leiaren på Hovden Fjellstove og Stomp og Vatn hadde skaffa seg dalebukse som jo er uniforma på ei slik messe etter det eg skjøna. Han hadde med seg mange på turen, Ann Torhild Briksdal, Ole P. Bruun, Sondre Rua Dokken, Henrik West, representantar frå Fredsssenteret, Elgtun, Evje Hotell og Setesdalsmuseet. Så dei var ein talrik delegasjon.
I open sending med Jorunn og Kåre var eg innom så vidt, men det kom ikkje noko gåvekort til Mandal denne gongen. Det gjorde ingenting, det var ein variert, mangfoldig og endåtil morosam kveld i radioen i kveld.  Bildet låg saman med programmet frå kvelden på Facebooksida Setesdalsnytt. Truleg var det Britta Lise som tok det.
Bildet kan inneholde: himmel, hus, bil, utendørs og natur

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *