Verdsarv

Share

Med nyvunnen UNESCO-status for å ta vare på folkemusikk og gangardans som verdsarv, er det grunn til å tru at Valle Radio meir enn ein kveld framover vil ha verdsarven som tema. I går kveld hadde den tidlegare gangardansaren Ørnulf Hasla ein fin samtale med spelemannen Annbjørg Lien, eg trur også kvinner kallast spelemenn.

Ho har nyleg teke doktorgrad på folkemusikken frå Setesdal. Då var det naturleg for Agder fylkeskommune å engasjere henne i eit forprosjekt for å finne ut korleis ein kan nytte den nye statusen til regionen på best mogleg vis. I programmet synte Ørnulf til at slik status har gitt arbeidsplassar andre stader.

Samtalen var ramma inne av ein av dei mest energiske slåttane, Filleveren og vart avslutta med slåtten Hildalen, også kjent som Knut Heddis Minne. Å kunne gjere lokale tradisjonar nasjonale og internasjonale kan ikkje skje utan at både lokalt næringsliv og lokale organisasjonar er viktige medspelarar.

Men det kan sjå ut som om det ikkje er noko i vegen med det lokale engasjementet på dette området, då Setesdal Folkehøgskule i vår lyste ut gangarkurs, vart det fullteikna, og til og med hadde folk på venteliste. Og snart er det tid for nye kulturpatruljar og andre gode tiltak for å syne lokal kulturarv til nye målgrupper.

Her har Geir Dåsvatn teke eit bilde av Kulturpatrulja i 2015 med Sigrid Kjetilsdotter Jore og June Salte Thorsen i sving:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *